Hopp til innhold

Heile mannskapet evakuert frå lasteskip i Norskehavet – skipet i drift utan motorkraft

Det nederlandske lasteskipet som sende ut naudsignal i Norskehavet miste motorkrafta seint måndag kveld, etter at dei siste av mannskapet blei evakuerte. Det er fare for at skipet, som ei tid gjekk på autopilot, kan kantre.

REDNINGSAKSJON: Her kjem redningshelikopteret til lastefartøyet «Eemslift Hendrika».

Dei åtte første blei berga av eit redningshelikopter måndag formiddag, medan kapteinen og tre av mannskapet blei igjen ombord for å prøve å stabilisere skipet.

Ved 20-tida forlèt også dei skipet.

– Fartøyet fekk såpass slagside at dei var redde for at det kunne kantre. Om det skjer er vanskeleg å seie, men kapteinen si vurdering er at dei måtte forlate fartøyet, seier redningsleiar Kjetil Hagen, ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS).

«Eemslift Hendrika» var seksti nautiske mil vest av Ålesund då det sende ut naudmelding ved 10-tida måndag. Skipet melde då om 30 grader slagside og HRS sende tre helikopter og to fartøy for å hjelpe.

Etter å ha prøvd å stabilisere situasjonen i fleire timar, blei dei fire siste ombord evakuerte ved 20-tida. Éin person er frakta til Ålesund sjukehus med ukjente skadar.

Lastefartøyet Eemslift Hendrika.

Lastefartøyet Eemslift Hendrika.

Foto: CHC

Mista motorkraft

Lasteskipet har ikkje mannskap om bord og gjekk dermed på autopilot, men i 23-tida mista fartøyet motorkraft.

– Situasjonen er den at fartøyet mista framdrifta på hovudmaskina tidleg i natt, og driv no mot kysten. Samstundes så har fartøyet ganske stor slagside, så det er ein ganske alvorleg status der ute, fortel Hans-Petter Mortensholm, direktør i miljøberedskap Kystverket, til NRK tysdag morgon.

– Det som er viktig er at vi no får gjort tiltak sånn at vi kan hindra at fartøyet vil utgjera miljøfare. Det er det som er vårt fremste fokus, legg han til.

Jarl Magne Silden er skipper på M/S «Veststeinen.» Dei låg standby ved det forlatne lasteskipet og venta på avklaring frå Kystverket om dei skal forlate staden.

Lastefartøy i nød

Det er høge bølger der båten ligg forlatt.

Foto: Jarl Magne Silden

På Facebook-sida si skriv Sliden at dei no har forlate havaristen. Han melder at båten driv med ei 45 til 50 grader slagside, og at bølgene var 15-18 meter høge.

Kystverket har bede det nederlandske reiarlaget om ein plan for korleis skipet skal handterast vidare.

– Det er ikkje en situasjon som kan vare uendeleg. Vi ber om ein plan og ønskjer at ting skal skje så fort som mogleg, sa beredskapsdirektør Hans Petter Mortensholm i Kystverket til NTB.

Kystvaktskipet «Sortland» er på veg frå Bergen til havaristen, men det er svært dårleg vèr i området. Kystvaktskipet skal vere på staden for å observere. Kystverket sender og eit fly ut til området.

– Vi er først og fremst opptatt av er at skipet ikkje skal vere til fare for andre skip og riggar. Vi er heller ikkje interessert i at det skal kantre eller søkke, då vi kan få ein lekkasje, seier Mortensholm.

Kystverket opplyser til NTB at det er 353 kubikk råolje, 75 kubikk diesel og 10 kubikk smørjeolje om bord i skipet.

Redningsaksjon på fartøy

Redningsaksjon: Helikoptre har frakta mannskapet til land.

Foto: Jarl-Magne Silden

Måtte pumpe ut vatn

Det nederlandske lastefartøyet frakta mellom anna båtar. I forsøket på å stabilisere skipet blei det tidlegare på dag sendt om bord lenser.

– Vi har levert ned to lensepumper via eit helikopter, kunne Andersen i HRS melde måndag ettermiddag.

Det blei då gjort forsøk på å pumpe ut vatn frå eit lasterom. Fartøyet gjekk for eigen maskin, med kurs vekk frå norskekysten for å halde forholda mest mogleg optimale om bord.

Eit redningshelikopter frå Equinor flaug over skipet i tilfelle det blei behov for evakuering av dei resterande fire personane. Andersen fortalde då at skipet framleis hadde slagside.

– Fordi dei krenger kan dei ikkje halde fram i same kurs. Då hadde dei fått 15 meter høge bølgjer rett i sida.

Båten låg cirka 60 nautiske mil vest for Ålesund da dei sende naudsignal. Det har vore sterk vind og høge bølgjer.

Blir tekne hand om av kommunen

Dei første åtte blei sende med redningshelikopter frå Florø til Ålesund lufthavn Vigra måndag formiddag.

Etter landing på flyplassen blei dei koronatesta og tekne med vidare til Ålesund Airport hotell. Der blei dei mottekne av helseteam frå Giske, opplyser kommunen.

– Vår oppgåve er først og fremst å ta i mot dei, og gje dei mat og varme, seier ordførar Harry Valderhaug (KrF).

Næringsdrivande i Giske stilte opp med klede, sko og nødvendige toalettsaker til mannskapet. Alle måtte forlate skipet utan å kunne ta med noko. Dei åtte er i god fysisk form, opplyser kommunen vidare.

– Vi skal sørge for at dei får den hjelpa dei treng, seier Valderhaug.

Dei åtte evakuerte frå skipet blei tekne hand om av Giske kommune.

Dei åtte evakuerte frå skipet blei tekne hand om av Giske kommune.

Foto: Giske kommune

Skulle leggje til kai på Kolvereid tysdag

Skipet var på veg til Kolvereid, som ligg nord for Trondheim.

– Det var venta at skipet skulle vere på Kolvereid i morgon, sa dagleg leiar i AQS, Ove Løfsnæs, måndag ettermiddag.

AQS eig ein av båtane som er ombord i lasteskipet.

– Vi kryssar fingrane for at det skal gå bra, både med skipet, båten på dekk og ikkje minst mannskapet om bord. Vi høyrer at det er rimeleg god kontroll, sa han.

AQS har fått informasjon av leverandøren, som er Moen Marin på Kolvereid, og som skal ta imot båten.

– Men det er vår båt allereie, så vi håpar han kjem trygt fram.

Båt i nød

SLAGSIDE: Båten kan kantre.

Foto: Jarl Magne Silden
Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL