Hopp til innhold

Arbeidsbåt ramla av - kan vere positivt for stabiliteten

Arbeidsbåten som stod midt på dekk har forsvunne. Det kan ha bidratt til å unngå at det havarerte lasteskipet i Norskehavet har kantra.

Ein av dei største båtane på lasteskipet har falle i sjøen og ligg no ca. 2 kilometer frå havaristen.

Det nederlandske lasteskipet, som har drive utan mannskap og motor i Norskehavet sidan måndag kveld, skal ifølge planen tauast i hamn onsdag.

Tysdag kveld landa fire bergingsekspertar frå Nederland på Ålesund lufthamn, Vigra. Dei vil bli henta med helikopter onsdag morgon, som skal fly dei ut til lasteskipet.

– Dei reknar det som akseptabelt å gjennomføre, men når det er sagt, er det tøffe forhold, seier Hans-Petter Mortensholm, direktør for miljøberedskap i Kystverket.

Kan grunnstøyte

To norske slepebåtar er leigd inn av det nederlandske bergingsselskapet.

Natt til onsdag kom dei to slepebåtane fram til lasteskipet.

Dersom vêr og vind gjer det mogleg, vil det bli frakta personell om bord på havaristen for å få festa slepet. Folka skal heisast om bord frå helikopter.

Skipet skal så etter planen bli slept inn til land.

Dersom ikkje bergingsmannskapet får slepar om bord i skipet, kan det grunnstøyte i løpet av ettermiddagen.

Slepebåten BB Ocean kasta loss i 16.00-tida tysdag frå Kristiansund.

Det blei sett ut slepeliner akterut på fartøyet før mannskapet forlét skipet. Overstyrmann Bjørn Aksel Golten håper å kunne bruke desse.

– Det ber vi til høgare makter om, seier han.

BB OCEAN kaster loss i Kristiansund.

Slepebåten BB Ocean i Kristiansund skal hjelpe til i bergingsarbeidet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Også ankerhandteringsfartøyet «Normand Drott» er sendt frå Bergen for å hjelpe til med bergingsarbeidet, bekreftar Solstad Offshore.

Arbeidsbåt ramla av – prioriterer lasteskipet

Eemslift Hendrika var lasta med servicebåtar som skal brukast i oppdrettsnæringa.

Den eine arbeidsbåten som sto midt på dekk ramla av i uvêret tysdag, og ligg no nokre nautiske mil frå havaristen.

– At arbeidsbåten forsvann kan ha hatt ein positiv effekt på stabiliteten til skipet og kan ha bidratt til å unngå kantring, opplyser Kystverket.

Mortensholm seier at dei har valt å prioritere å sikre den største båten.

– Vi er først og fremst bekymra for bunkersoljen og den er på hovudskipet, seier han.

Havarert skip

Den grøne båten har falle av skipet.

Foto: Kystverket

Sørgeleg om båten forsvinn

Firmaet AQS eig servicebåten som fall av og ifylgje VG er verdien på båten på 66 millionar kroner. Dei tilsette fylgjer spent med og veit at redningsaksjonen er hektisk. Etter 30 år i bransjen har dei aldri opplevd liknande.

– Vi har aldri hatt totalhavari på fartøy tidlegare. Sånn sett er det spesielt og sørgjeleg for vår del, seier Ove Løfsnæs, dagleg leiar i AQS.

Han ynskjer ikkje spekulere i om båten kan reddast. Skulle den ikkje bli det, vil det få betydelege konsekvensar for firmaet, som har oppdrag innan havbruksnæringa.

Framleis risiko for kantring

Lasteskipet ligg no rundt 40–50 nautiske mil vest for Ålesund og driv mot kysten. Det er framleis risiko for at det kantrar, sjølv om faren er mindre enn den var.

– I går trudde vi det kunne gå gale, men i dag er situasjonen heldigvis meir stabil, seier Hans-Petter Mortensholm, direktør for miljøberedskap i Kystverket tysdag ettermiddag.

Han seier vidare at dei følger tett med på retninga til skipet, og vurderer heile tida faren for om det kan gå på land.

– Vêr, vind og drivretning vil avgjere kva retning skipet vil ta mot land. Dette har vi gode verktøy til å følge med på.

Skipet har ca. 350 tonn tungolje og ca. 50 tonn med diesel om bord.

– Det er ikkje enorme mengder, men det er framleis mykje. Om skipet kantrar, så er vi uroa for at vi kan få utslepp.

Lastefartøyet Eemslift Hendrika.

Lastefartøyet «Eemslift Hendrika».

Foto: HRS

Utfordrande å få personell på skipet

Det er ekstremt dårleg vêr i området, med opp til 15–18 meter høge bølger og sterk vind.

Kystvaktskipet KV «Sortland» var på plass ved havaristen før klokka 13 tysdag. Dei er ein del av slepeberedskapen og har utstyr, men på grunn av vêret kan dei ikkje gjere anna enn å overvake situasjonen.

Prosjektleder Hans Petter Mortensholm i Kystverket

Beredskapsdirektør i Kystverket, Hans-Petter Mortensholm.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Utfordringa er at ein må sette personell om bord på havaristen. Fordi bølgene er så store må ein flyge personell dit.

– Vi må finne ut når vêret er godt nok til ein slik operasjon. Heldigvis ser det ut til at vêret blir rolegare etter kvart, seier Mortensholm.

Redningsaksjon av «Eemslift Hendrika»

Miljøvernforbundet kritiserer handteringa

Miljøvernforbundet er urolege for utslepp og sterkt kritisk til at reiarlaget skal rydde opp på eiga hand.

– Det verkar som den statlege beredskapen ikkje har vore nok til stades i samband med å følgja havaristen og gjere førebuande tiltak for å forhindra eit oljesøl, sa Jan-Hugo Holten tysdag morgon.

Han jobbar med maritime saker i forbundet og fryktar at skipet går ned med olje om bord. Han fortalde at tungolje er giftig og vanskeleg å handtera.

Holten var oppgitt over at reiarlaget først henta hjelp frå Nederland, og det nesten eit døgn etter hendinga starta.

– Det seier seg sjølv at det er ganske tungvint. Vi håpar på det beste og fryktar det verste. Reiarlaget burde ha søkt assistanse på berging i Noreg. Kystverket burde ha guida dei og hatt ei leverandørliste over dette, sa han tysdag morgon.

Jan-Hugo Holten, Miljøvernforbundet

Jan-Hugo Holten, Miljøvernforbundet.

Foto: Anders Fehn / NRK

Miljøvernforbundet meiner at Kystverket er bakpå og ikkje har lært av liknande hendingar dei siste åra.

– Løysingar kjem for seint på plass, og no skal Kystverket legge ned framskotne beredskapskontor langs kysten også.

– Er det ikkje positivt at reiarlag må ordne opp sjølv og ikkje laste norske skattebetalarar?

– Vi har vore skeptiske heile 2000-talet til den internasjonale praksisen at reiarlag skal vere ansvarleg for redningsaksjonen. Dei sit for langt unna løysingane. Det sit selskap langs norskekysten og ventar på at Kystvakta skal ringe. Det skjer ikkje, seier Holten.

Kystverket peikar på vêret

– Var det riktig å la mannskapet og reiarlaget sjølv prøve å berge båten?

– No er det først og fremst fartøyet sin eigar som har plikt til å handtera sin eigen havarist. Vi har vår beredskap som har vore på heile tida. Samstundes er det full storm. Slik at tryggleiken vil alltid koma fremst, sa Mortensholm i Kystverket tysdag morgon.

Han presiserer igjen at deira fokus vil vere å førebyggja miljøskadar og kjenner seg ikkje att i påstandane om at Kystverket er bakpå og ikkje har lært av liknande hendingar.

– Det at reiarlaget har hyra inn selskapet «Smit Salvage» frå Nederland betyr ikkje at det ikkje blir brukt norske bergingsselskap, seier Mortensholm.

At tilsette ved beredskapskontora i Kystverket skal ha arbeidsplassane sine andre stader i landet har heller ingenting å seie for den operative beredskapen, meiner han.

– Oljeutslepp vil vera katastrofe

Nils Roar Hareide er dagleg leiar ved Runde Miljøsenter. Dei overvakar livet i havet på Mørekysten. No fryktar dei eit mogleg utslepp.

– Dette vil vera verste moglege tidspunkt på året for eit oljeutslepp. No er det blømingstid på mørebankane, seier han og fortel om milliardar av sildeyngel som blir klekte, torsken som gyt og sjøfuglen som har kome til område for å feita seg opp før hekking.

– Alt dette er svært sårbart, og får ein oljeutslepp her no, så vil det vera ein stor naturkatastrofe, seier han.

Havsule-kolonien på fuglefjellet på Runde

På Runde er det eit yrande dyreliv. Fuglefjellet er mest kjent.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL