Hopp til innhold

Professor: – Kampen om Kristiansund sjukehus er tapt

Mange på Nordmøre har fått nytt håp om å behalde lokalsjukehuset i Kristiansund. – Den kampen er tapt, seier helseprofessor. Han trur såra etter den bitre striden tar årevis å hele.

Bunadsgerilja mot nedlegging av fødeavdelinga

Bunadgeriljaen møtte mannsterke opp på Bjønnahaugen i Kristiansund for å protestere mot nedlegginga av fødeavdelinga. Dei vart høyrt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dei siste dagane har rasande, bunadkledde innbyggjarar protestert mot nedlegginga av fødeavdelinga i Kristiansund. Også kjendisar som Ole Gunnar Solskjær og Ada Stolsmo Hegerberg har engasjert seg. Torsdag vart nordmøringane høyrd. Direktøren i Helse Møre og Romsdal foreslår å utsette samanslåinga av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund.

Professor i helseøkonomi, Terje P. Hagen ved Universitetet i Oslo, er ikkje overraska over heilomvendinga etter mobiliseringa på Nordmøre.

– Dette er eit system som er fintfølande for politiske strøymingar, seier Hagen.

Terje P. Hagen

Terje P. Hagen er professor ved avdeling for helseleiing og helseøkonomi på Universitetet i Oslo.

Foto: NRK

Vil berge heile sjukehuset

I årevis har innbyggjarane gått i fakkeltog for å behalde sjukehuset i Kristiansund, men i desember 2014 vart det bestemt at det skal byggast eit nytt felles sjukehus for Molde og Kristiansund. Byggestarten er utsett til 2020. Anja Solvik står i bresjen for Bunadgeriljaen og ho meiner at det no har blitt tent eit nytt håp for å behalde lokalsjukehuset i Kristiansund.

– No rikkar vi på grunnen og ser ein spire av håp. Det kan vere mogleg å bevare lokalsjukehuset, seier Solvik. Ho får støtte av mange.

Anja Cecilie Solvik er initiativtakaren til Bunadgeriljaen på Nordmøre

Anja Cecilie Solvik er initiativtakaren til Bunadgeriljaen på Nordmøre. Ho meiner det er håp om å redde Kristiansund sjukehus.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vil til Trøndelag

Signe Bach er hos gullsmed Sager i gågata i Kristiansund for å hente eit gravert smykke. På smykket står det «Send meg til St. Olavs». Dei siste dagane har gullsmeden gravert over 70 slike smykke. Mange føler seg svikta av Helse Møre og Romsdal og vil heller til Trøndelag, visst dei ikkje får behalde lokalsjukehuset.

– Det er ikkje for seint å stoppe bygginga av fellessjukehuset, seier Bach.

Marie Reiten og Signe Bach

Marie Reiten ved Gullsmed Sager har selt over 70 graverte smykke i det siste, der det står «Send meg til St. Olavs». Signe Bach er ei av dei som har kjøpt smykke.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Også helseprofessor Terje P. Hagen ser dei sterke protestane på Nordmøre som eit forsøk på omkamp for å redde heile sjukehuset, ikkje berre fødeavdelinga.

– Vedtaket om fellessjukehus er fatta og blir neppe omgjort, seier Hagen.

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, seier at vedtaket om bygging av fellessjukehuset ligg fast i oppdraget til helseføretaket.

Sa opp avtalane

Espen Remme

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, seier at vedtaket om fellessjukehuset står fast.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Etter at det vart bestemt at fødeavdelingane skulle slåast saman og at Aure rehabiliteringssenteret er foreslått lagt ned, har fleire nordmørskommunar sagt opp samarbeidsavtalane med helseføretaket. Helseminister Bent Høie (H) har åtvara mot dette.

Hagen meiner at oppseiinga av avtalane har lite praktisk betydning for pasientane.

– Det som betyr noko for folk sitt helsetilbod er tilvisingane som skjer frå fastlege og legevakt, og utskrivingspraksisen sjukehusa har. Det blir ikkje påverka av avtalane, seier Hagen.

Han trur sjukehusstriden på Nordmøre kjem til å gå seg til, slik ein har sett i andre fylke, som Vestfold og Østfold.

– Det tar ofte lang tid. Kanskje det er over om 15–20 år, seier Hagen.