Hopp til innhold

Sjukehuskaos: Heile Nordmøre vil trekkje seg frå alle avtalar med helseføretaket

Det har blussa opp ein ny bitter sjukehusstrid på Nordvestlandet. Både politikarar og helseføretaket meiner situasjonen er alvorleg.

Ingunn Golmen, ordfører i Aure kommune

PROTESTERER: Ordførar i Aure, Ingunn Golmen (Sp), er ein av dei ni ordførarane som har skrive under det oppsiktsvekkande brevet til Helse Møre og Romsdal. Her ser vi Golmen protestere mot kutta i Helse Møre og Romsdal tidlegare i år. Det er venta nye demonstrasjonar komande veke.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det er dramatisk det vi no gjer, men det er nødvendig, seier Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard.

Kjell Neergaard

Kjell Neergaard (Ap), ordførar i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Fredag ettermiddag sende ordførarane i dei ni kommunane på Nordmøre eit brev til styret i Helse Møre og Romsdal.

Der varslar dei at dei trekkjer seg frå alle samhandlingsavtalar med helseføretaket dersom administrasjonen sine tilrådingar om nedlegging av fødeavdelinga i Kristiansund og Aure rehabiliteringssenter blir vedtekne neste veke.

– Det vi seier blir ikkje vektlagt likevel, så kvifor bruke mykje tid på samhandling når vi ikkje har noko igjen for det, spør Neergaard retorisk.

Dersom forslagene om nedleggelse av fødeavdelingen i Kristiansund og Aure rehabiliteringssenter vedtas, legger ordførerne frem sak om oppsigelse av samtlige samhandlingsavtaler. Kommunene vil samtidig forlate alle samhandlingsarenaer med Helse Møre og Romsdal. Ordførerne vil også oppfordre sine innbyggere til å benytte seg av fritt sykehusvalg.

Ordførarane på Nordmøre

Ifølgje nettsida til Helse Møre og Romsdal har dei i alt 72 samhandlingsavtalar med kommunane i fylket. 16 av dei gjeld kommunane på Nordmøre.

Avtalane regulerer samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta ved sjukehusa.

Kristiansund sykehus

At fødetilbodet ved Kristiansund er tilrådd nedlagt av administrasjonen i Helse Møre og Romsdal har fått det til å koke på Nordmøre. Dessutan er rehabiliteringssenteret på Aure, også det på Nordmøre, tilrådd nedlagt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Manglar kontakt med grasrota

Det er ikkje første gong ein kranglar om sjukehus i Møre og Romsdal.

I 2014 vart det vedteke at det skal byggast eit fellesjukehus for Nordmøre og Romsdal i Molde, altså i Romsdal.

Gunn Berit Gjerde

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde.

Foto: Trond Vestre / NRK

At styret i helseføretaket no dessutan vil legge ned fødetilbodet på Nordmøre, i tillegg til rehabiliteringssenteret i Aure, har fått begeret til å renne over for mange. Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (Venstre), som sjølv er frå Hareid i motsett ende av Møre og Romsdal, forstår frustrasjonen godt.

– Leiinga i helseføretaket viser at dei ikkje har mykje kontakt med grasrota når dei foreslår å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund – etter all strid som har vore tidlegare, seier Gjerde.

Vil ha dialog

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, kallar signala frå Nordmøre for alvorlege.

Espen Remme

Espen Remme.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Helseføretaket er inne i ein tung og krevjande prosess. Vi registrerer at prosessen skaper uro og bekymringa i befolkninga, seier Remme.

Han viser til at Helse Møre og Romsdal må spare 200 årsverk.

Remme varslar at dei ønskjer ein dialog med nordmøringane om vegen vidare framover.

Politikarar på bana

På landsmøtet til Senterpartiet i dag varsla stortingspresident Geir Inge Lien at han saman med Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe har fremja eit representantforslag som Stortinget skal røyste over.

Geir Inge Lien

Geir Inge Lien, Senterpartiet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Forslaga frå helseføretaket får store konsekvensar for innbyggjarane i Møre og Romsdal. Så då får regjeringspartia og andre få røyste over om vi skal stoppe desse forslaga i mai. Det gler eg meg til, sa Lien.

Leiar i Fagforbundet, som er LOs største forbund, Mette Nord, og Arbeidarparti-sekretær Kjersti Stenseng besøker Kristiansund sjukehus måndag.

Der skal dei drøfte den spesielle situasjonen i helseføretaket og fødetilbodet både med den lokale leiinga og tillitsvalde ved sjukehuset.

Kjersti Stenseng

Ap-sekretær Kjersti Stenseng kjem til Kristiansund måndag.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix