Hopp til innhold

Prisane held fram med å auke – ekspertane spår at renta likevel ikkje vert heva

Dyr straum forklarar det meste av prisveksten. Det kan bremse rentehevingane, men samstundes er nordmenn sin pandemisparegris i ferd med å tømmast.

Kraftleidningar på Sunndalsøra med fjell i bakgrunnen. Ned frå fjella stuper fleire fossar og regnskyer heng lågt over dalen.

Prisen på straum var med på å trekke det generelle prisnivået opp det siste året, ifølgje SSB.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Prisen på straum var med på å trekke det generelle prisnivået opp det siste året, ifølgje SSB.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Nok ein gong peikar altso statistikken mot at ting vert dyrare.

Prisane har gått opp med nær fem prosent det siste året, syner tal frå SSB.

– Kaldt vêr og høgt straumforbruk, særleg i andre del av november, bidrog til høgare straumprisar denne månaden. Oppgangen frå oktober til november i år var langt kraftigare enn på same tid i fjor, skriv seksjonsleiar i Statistisk sentralbyrå Espen Kristiansen, på deira nettside.

Prisane auka altso med 4,8 prosent mellom november i fjor og november i år.

– Det er ein tidel lågare enn venta. Tala er i favør av at Noregs Bank slepp å heve renta, sjølv om tala er høgare enn dei håpa på, seier sjeføkonom i Sparebank1 Harald Magnus Andreassen.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 07 0,63 kr
Dyrest kl. 22 1,5 kr

Spår at rentehoppa er ferdige

Om få dagar, 14. desember, skal Noregs Bank sette styringsrenta igjen. Store endringar i prisane kan gjere at styringsrenta vert endra.

Då prisane steig over forventingane i oktober, venta fleire økonomar at Noregs Bank kom til å svare med å auke renta og gjere låna dine dyrare.

Nye spådommar kom i desember om at den økonomiske aktiviteten kjem til å bremse i vinter og at lønsveksten vert lågare neste år, særleg fordi byggenæringa har opplevd ein bråstopp.

Det gjer at økonomane og statistikarane no tvilar på eit nytt rentehopp, i alle fall rentekutt neste år.

Sara Midtgaard, seniorøkonom i Handelsbanken, seier at statistikken peikar mot at det vert ein lågare kjerneinflasjon enn det Noregs Bank hadde venta.

Sara Midtgaard, seniorøkonom i Handelsbanken.

Sara Midtgaard, seniorøkonom i Handelsbanken, meiner alt peikar mot at rentene ikkje vil stige før nyttår.

Foto: Handelsbanken

– Difor kan det tale mot at dei held renta i ro no på torsdag, seier Midtgaard.

Også i Sparebank1 meiner Andreassen at renta no kan få liggje i ro.

Inflasjonen er høgare, men lågare enn anslaga i september. Noregs Bank kan late vere å heve den, seier Andreassen i Sparebank1.

Sjeføkonom i SpareBank 1 SR-Bank, Kyrre Knudsen, seier han er over 90 prosent sikker på at det ikkje vert renteheving torsdag.

– Det eg trur er spanande, er om Noregs Bank tør å snakke om at renta skal ned neste år, seier Knudsen.

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Les også SSB spår rentekutt etter brå­stopp i bygge­næringa

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache

Ingenting er sikkert

Midtgaard understrekar likevel at ingenting er sikkert når det har vore turbulent i økonomien i det siste.

– Det er ei utfordrande oppgåve for Noregs Bank, slik det ser ut i dag. Denne underliggande prisveksten er framleis høg i norsk økonomi, og høgare enn hjå våre handelspartnarar.

Likeins med det SSB seier, meiner Midtgaard at låg økonomisk aktivitet i byggenæringa og varehandelen, gjer at veksten i økonomien kan bremse opp.

– Slik det ser ut no, er det svakare vekstutsikter hjå alle sektorar i norsk økonomi. Det er jo slik at Noregs Bank ikkje ynskjer å kjøle ned norsk økonomi unødvendig mykje. Dei skal balansere det å ha ein relativt stabilt arbeidsmarknad, men også få kontroll på prisveksten.

Dette vert ei stadig meir krevjande oppgåve, meiner seniorøkonomen.

Pandemisparegrisen vert tømt

– Vi ser jo at i tida etter pandemien, so har vi kunne brukt det vi kallar meirsparinga, seier Midtgaard.

Nordmenn sparte mykje pengar under pandemien, då restaurantar var stengde, og fritidsaktivitetar og reiser var avgrensa. Det første halvanna året meir enn dobla norske hushaldningar sparinga i aksjefond.

Desse pandemisparegrisane har gjort til at nordmenn likevel har kunne forbruke mykje den siste tida, trass renteheving, prisaukar og dyr straum.

– Difor har vi heller ikkje sett i veldig stor grad, enno, at det har vore noko stort tilbakeslag med rentehevingane. Men det vi no ser, er at ein større del av denne meirsparinga er uttømt, seier Midtgaard.

So skulle ekspertane sine spådommar slå til og rentene bli der dei er, er det likevel ikkje fryd og gammen for økonomien til folk flest.

– Difor kan vi vente at vi i større grad vil sjå det på konsumtala og detaljhandelstala at det vert litt surare i tida framover, seier Midtgaard.

Rentekalkulator

Se hvor mye du må betale hvis renta øker.

Rente
Månedlige utgifter
18 783 kr
Økte renteutgifter
378 kr

Det vil si en total utgift på 18 783 kroner i måneden, som betyr 378 kroner mer i ekstra renteutgifter enn det du betaler i dag. Renteutgifter er det du må betale ekstra når renta øker fra dagens rente på 5,49%