Hopp til innhold

SSB spår rentekutt etter brå­stopp i bygge­næringa

SSB har lagt fram prognosane sine for norsk økonomi fram til 2026. Takka vere låge bustadinvesteringar spår dei rentekutt. Men ikkje heilt enno.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache

RENTA: Det er stor spenning knytt til renteavgjersla som er varsla i desember.

Foto: NTB

Høgare rente og auka kostnadar for bustadutbyggarane har bidratt til å strupe investeringane i bustadmarknaden. Det seier SSB vil gi lågare vekst i norsk økonomi.

Difor spår dei rentekutt i 2024.

– Vi ventar at bustadinvesteringane fell meir enn 30 prosent samla i år og neste år, seier Thomas von Brasch, forskingsleiar i SSB.

Grunnen til nedgangen i bustadnæringa er lite tryggleik rundt den økonomiske situasjonen, lågare omsetning av bruktbustadar, høgare rente og auka kostnadar.

Thomas von Brasch

Thomas von Brasch i SSB og er prosjektleiar for Konjunkturtendensane.

I november varsla Byggenæringens Landsforening at dei var redd for å miste 30.000 arbeidarar og bad om krisepengar.

Ifølgje Nav har talet på arbeidsledige i bygg og anlegg auka med 37 prosent sidan oktober i fjor.

Fleire arbeidsledige betyr mindre økonomisk aktivitet som «kjøler ned» økonomien.

SSB forventar også ein auke i arbeidsløysa framover, altså til 4 prosent i 2025. Ikkje berre i bustadnæringa.

– Vi venta også ein auke i arbeidsløysa når fleire ukrainarar melder seg på i arbeidsmarknaden, seier von Brasch.

Rentetoppen er nådd – kutta byrjar i 2024

I september sette Noregs Bank opp styringsrenta til 4,25. Dette er 13. gongen dei hever renta sidan 2021. Vi er på det høgaste rentenivået sidan 2008

Renta blir liggande på dagens nivå på 4,25 fram til midten av 2024. Etter det vil Noregs Bank senke den gradvis, spår Statistisk sentralbyrå.

– Stoppen i bustadbygginga og svake vekstutsikter, kombinert med dalande renter og inflasjon for handelspartnarane våre, gjer at rentetoppen er sannsynlegvis nådd, seier von Brasch.

Les også Tusenlappene kommer til å fly

Norges Bank rentebeslutning

Svakaste krona på mange år

Den norske krona har ikkje vore svakare sidan pandemien. I teorien kan den svake krona føre til at prisane stig, som igjen kan føre til at Noregs Bank vil heve renta.

– Noreg er ein liten og open økonomi, og valutakursen spelar ei viktig rolle. Ei svekka krone så langt i år bidreg til at det vil ta lenger tid enn for våre handelspartnarar før inflasjonen går ned, seier von Brasch.

Ifølgje SSB vil den svake krone halde inflasjonen høg ei stund til.

I mai møtte sentralbanksjef Ida Wolden Bache finanskomiteen i Stortinget for å fortelje om kvifor krona er svak samanlikna med andre land.

Då hadde ho tre forklaringar:

  • Rentene har stige meir enn her heime
  • Krona blir ofte svekka når er der uro i finansmarknadane
  • Oljeprisen er noko svekka

Les også Norsk økonomi flatar ut

Fabrikkpiper på Årdalstangen

Mogleg nytt rentehopp i desember

I november let Noregs Bank styringsrenta stå på 4,25, men varsla om ei mogleg ny renteheving i desember. Det er enda usikker:

– Dersom vi blir sikrare på at den underliggande prisveksten er på veg ned, kan renta bli heldt i ro, sa Noregs Bank i september.

– SSB trur på ein lågare inflasjon og rente enn det Noregs Bank har skissert. Det legg press på Noregs Bank før renteveke neste veke, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank.

I går la Noregs Bank sitt regionale nettverk fram ein rapport der dei spår at Noregs Bank er ferdig med rentehoppa.

I november derimot la Statistisk sentralbyrå fram at prisane har stige med 4 prosent dei siste tolv månadane.

– Dette er nok eit tal som heller mot at Noregs Bank hevar renta i desember, sa sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets, den gongen.

Les også Bankene spår at Norges Bank er ferdig med rentehoppene

Ida Wolden Bache

Spår også auke i reallønna

SSB sine prognosar seier også at lønningane vil auke. I fjor blei lønnsveksten på 4,3 prosent, som var mindre enn prisveksten. Det betyr i praksis mindre kjøpekraft trass lønnsauke.

Det trur SSB ikkje blir tilfelle framover.

– Arbeidsmarknaden er framleis stram. Fortenesta i frontfaget er også god. Det vil presse opp lønninga, seier SSBs Thomas von Brasch.

SSB seier at årslønnsveksten vi lande på 5,6 prosent i år. Det same anslaget har også inflasjonen. Det betyr uendra reallønn i 2023.

Men framover mot 2026 seier prognosane til SSB at inflasjonen vil gå ned, og lønna vil auke med 2 prosent i 2026. Det betyr også auke i kjøpekraft.

AKTUELT NÅ