Overskot på over tusen milliardar i statsrekneskapen
Til saman var det samla overskotet i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 1042, milliardar i fjor. Det kjem fram av statsrekneskapen for 2023 som vart lagt fram fredag.
I fjor vart 286,2 milliardar kronar overførte frå pensjonsfondet, for å dekka det oljekorrigerte underskotet i nysalderte budsjettet. Statsbudsjettet før lånetransaksjonar viser eit underskot på 4,2 milliardar.
Samanlikna med rekneskapen for 2022, går bruken av oljepengar opp med 7,7 milliardar kroner.
(NTB)