NRK Meny
Politibil i utrykning
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Politiloggen

Oppsummert

Politiet melder om store og små hendelser på Twitter. Her får du oversikt over hendelsene med utgangspunkt i måten politiet melder dem.

  • Slåsskamp i Molde

    Fleire personar var i slåsskamp i Molde natt til søndag. Ein patrulje kom til staden og tok partane frå kvarandre. Dei involverte blir melde for forholdet.

  • Uro og urinering

    I Ålesund sentrum blei ein vanskeleg og rusa mann i 20-åra innbrakt av politet på grunn av ordensuro. I same sone blei ein omlag like gammal mann meldt for urinering på offentleg stad.

  • Lova å dempe seg

    I Ørsta var det klage på høg musikk frå ein privat bustad natt til søndag. Då politiet troppa opp på staden fekk dei lovnad om at musikken skulle bli dempa.