Ifølgje politiet blei det skote eit varselskot og brukt elektrosjokkvåpen i samband med pågripinga av mannen.
– Han vifta med ein kniv, trua andre og oppfylte ikkje pålegg frå politiet, seier operasjonsleiar Roar Fylling til NRK laurdag.
Forbipasserande blei trua
Hendinga skal ha skjedd i området rundt Brosundet i sentrum av Ålesund laurdag i 16.00-tida.
Fylling i politiet seier det var fare for liv og helse, og at fleire tilfeldig forbipasserande skal ha blitt trua av mannen.
Ingen personar blei skadde i samband med hendinga.
Mannen skal ha hatt det Fylling omtalar som ein stor kniv.
Mannen blei etter kvart frakta til sjukehus der han fekk tilsyn av lege. Han framstår som psykisk sjuk, ifølgje politiet.
Sikta for truslar
Søndag opplyser jourhavande politijurist, Marthine Høhrbye, til Sunnmørsposten at mannen er sikta for truslar etter hendinga.
Saka blir no etterforska vidare.