Hopp til innhold

Ein mann er funnen død i sjøen etter leiteaksjon i Molde

Ein eldre mann har vore sakna etter han ikkje kom heim frå fisketur i Molde tysdag. No har leitemannskapa funne ein livlaus mann i sjøen.

KV Njord utanfor Sekken i Molde ifb med funn av person i sjøen

FUNN: Kystvaktskipet KV Njord bruker onsdag undervatnsrobot for å hente ein person opp frå sjøen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK Luftfoto

Politiet sette tysdag ettermiddag i gang ein leiteaksjon etter ein eldre mann som skal ha vore på fisketur utanfor Molde. Han skal ha reist ut tysdag morgon, og sidan har ingen sett han.

Store leitemannskap har leita etter mannen frå tysdag ettermiddag, og gjennom natta.

Natt til onsdag blei det funne ein båt på 100 meters djup, som samsvarte med korleis båten til den sakna mannen såg ut.

No seier politiet at det også blei gjort funn av ein person inne i rorhuset på båten. Pårørande er varsla om funnet.

I natt, i forbindelse med at vi fann båten på om lag 100 meters djup, fekk vi bistand frå Kystvakta som hjelpte oss med ein ROV. Denne har kamera og videoopptak som viser at inne i rorhuset på båten så er der også ein person, seier Leif Arne Mork i politiet.

Ein ROV er ein fjernstyrt undervatnsrobot som kan brukast til arbeid og berging under sjøoverflata.

Leiteaksjon Sekken, redningshelikopter

Både helikopter og fleire båtar var sett inn i søket etter den sakna mannen tysdag ettermiddag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Mork fortel at det no vert lagt ein plan for å hente personen opp frå båten, og få han til land.

Vi vil få bistand også her av Kystvakta, til å få henta personen ut ved hjelp av ein ROV.

Mork understreker at dei ikkje har fått identifisert personen. Men at dei ikkje har nokon grunn til å tru at det er nokon andre enn den sakna mannen, då han er funnen i rorhuset på den sakna båten.

Politiet vil etterforske hendinga, for å mellom anna kartlegge årsaka til at båten har sokke.

Der er ingen skadar på båten som er synleg slik den står no, som kan forklare kvifor båten har gått ned, seier Mork.

Ein krimtekniker frå politidistriktet er også på plass på Kystvaktskipet, og skal følgje med på arbeidet med uthentinga.

Leif Arne Mork Operasjonsleder

Operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Leif Arne Mork, seier Kystvakta no skal hjelpe til med å hente personen ut av sjøen.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL