Møre og Romsdal politidistrikt fekk ein stor jobb med å passe på bryllaupet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett i Geiranger i slutten av august.
Prislappen for det spesielle oppdraget kom på 1,6 millionar kroner, skriv politiforum.no. Det må det lokale politidistriktet betale for sjølv.
Ein million av det gjekk berre til løn til mannskapa. Frå før av er det kjend at det kosta politiet ein halv million for kost og losji.
Dei brukte i hovudsak eiget personell under bryllaupsfeiringa, men fekk i tillegg bistand frå nasjonale ressursar, mellom anna tilsette i bombegruppa.
– Vi har planlagt godt
Det var 300 gjester, både kongelege og kjendisar som deltok. Feiringa gjekk over tre dagar, og politiet måtte ha folk til stades heile helga.
Politiet var på plass under bryllaupsfeiringa, både i Ålesund og her i Geiranger.
Foto: Christian Breidlid / NRKPolitiet har tidlegare uttalt at dei gjennom heile planleggingsfasen var førebudde på å måtte dekke kostnadar innanfor sine eigne rammer.
– Vi har planlagt godt, og oppdraget er no ferdig frå politidistriktet sin side, skriv avdelingsdirektør, Siri Krohn Dalen, i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.
Utover dette er ho ikkje tilgjengeleg for ein ytterlegare kommentar no.
Undersøkte moglegheita for pengar frå Politidirektoratet
Politiet sitt oppdrag under bryllaupsfesten var i hovudsak knytt til gjestane som hadde krav på å bli beskytta. Andre ansvar for tryggleiken, hadde arrangørane.
På eit tidleg tidspunkt i planlegginga undersøkte dei òg moglegheitene om å få pengar frå Politidirektoratet.
Då blei det estimert at oppdraget kunne kome til å koste inntil tre millionar kroner.
– Årsaka var at dette ville vere eit ekstraordinært oppdrag for politidistriktet. Men vi har likevel, gjennom heile planleggingsfasen, vore førebudde på å dekke kostnadane innanfor våre eigne rammer, sa stabssjef i Møre og Romsdal politidistrikt, Hans-Martin Gridseth til NRK i september i fjor.
Det var stort ståhei og mykje folk i Geiranger, sjølv om sjølve bryllaupet var privat.
Foto: Christian Breidlid / NRK