Hopp til innhold

Auke i økonomisk kriminalitet: – Trur det framleis er store mørketal

I fjor hadde Møre og Romsdal politidistrikt det høgste talet på straffesaker på ti år. Særleg på eitt område har det vore ei stor auke.

Eksteriørbilde av Ålesund politistasjon

STRAFFESAKER: Politiet i Møre og Romsdal har hatt ei stor auke i talet på saker knytt til økonomisk kriminalitet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Over 12 000 straffesaker blei meldt til politiet i Møre og Romsdal i fjor. Det var 12 prosent fleire enn året før.

– Ein del av årsaka er at fleire melder saker innanfor område der det tidlegare har vore store mørketal, som økonomisk kriminalitet, seier Elin A. Drønnen, politiinspektør i Møre og Romsdal politidistrikt.

– I tillegg er det lettare å melde ei sak til politiet, ein kan også gjere det på nett, legg ho til.

Les også Kvinne i 70-åra utsett for utpressing og grovt bedrageri – ingen er pågripne

Politiinspektør Anders Skorpen Trøen

Auke i økonomisk kriminalitet

Rundt 40 prosent av auken frå 2023 til 2024 gjeld økonomisk kriminalitet. Det er svindel- og bedragerisaker på digitale plattformer som står for dei fleste av sakene.

Politiinspektør Elin A. Drønnen, Møre og Romsdal politidistrikt

Elin A. Drønnen i politiet seier at dei særleg har hatt ei auke i saker knytt til svindel og bedrageri.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet forventar ein auke i talet på slike saker i 2025.

Politiinspektøren peiker på at meir og meir kriminalitet skjer på nett og over landegrensene.

– Vi ser at digital svindel og bedrageri rammar folk i alle aldrar og samfunnslag. Metodane til dei kriminelle utviklar seg stadig, seier Drønnen.

Politiet har over tid oppfordra folk til å melde desse sakene, og trur det er ein del av årsak til auken.

– Vi har eit viktig førebyggande arbeid i å ruste folk til å forstå kva truslar dei står ovanfor.

Les også Heidi har sin eigen metode for å utmatte svindlarar på Facebook

Heidi Fagna sit utandørs med laptop i fanget

Trur det er store mørketal

Men trass i at fleire av desse sakene no blir meldt til politiet, trur Drønnen det framleis er store mørketal.

Ho vektlegg viktigheita av at folk faktisk melder frå til politiet når dei har blitt svindla eller utsett for eit bedrageri.

– Det er viktig å melde til politiet sjølv om banken klarer å stoppe pengeoverføringa i tide. Det er viktig for oss å sjå det i ein større samanheng. Ofte er det ikkje enkeltpersonar som står bak, men kriminelle nettverk, seier Drønnen.

– Di sak kan vere ein viktig brikke i puslespelet for å avdekke kven som står bak og stoppe dei, legg ho til.

SMS-svindel

Dette er eit eksempel på eit svindel-forsøk.

Foto: politiet

Les også Kristin ble svindlet og mistet grendehuset sine penger: – Du føler deg lite lur

Kristin Grebstad sit i stova si og ser på telefonen sin.

Ser endra haldningar

Eit anna område som peiker seg ut på statistikken over straffesaker er narkotikakriminalitet. Her har det vore ei auke på 27 prosent frå 2023 til 2024.

Politiet trur at dette kan ha ein samanheng med eit aukande fokus og arbeid mot organisert kriminalitet og ungdomskriminalitet.

Drønnen trur at unge si haldning til narkotika gradvis har endra seg.

– Det er kanskje slik at mange til og med trur det er lov. Og så er det ikkje alle som er redde for å bli tatt. Men bruk av narkotika er framleis straffbart, og det er eit viktig signal å gi til ungdommen.

Ifølge politiet blir brukarar og seljarar yngre og fleire. Dei meiner også at vegen til å bli rekruttert til organisert kriminalitet har blitt kortare. Drønnen meiner det er viktig at ulike aktørar engasjerer seg i ungdommen.

– Vi jobbar tett ilag med kommunen, helse og Konfliktrådet, men dette er eit område vi alle må ta eigarskap på ilag, seier ho.

Les også Boksing vart vegen ut av kriminalitet for Aristote (19)

Aristote Buhendua sit på ein krakk med eit par kvite boksehanskar på seg.

Lågare enn resten av landet

Trass i auken i straffesaker, meiner Drønnen at politiet har situasjonen under kontroll.

– Vi er framleis det politidistriktet i landet som har lågast kriminalitet i forhold til talet på innbyggarar, seier Drønnen.

Møre og Romsdal politidistrikt hadde ein oppklaringsprosent på 56,3 prosent i 2024. Det nasjonale gjennomsnittet var på 39,9 prosent.

– Vi klarer å ta unna dei fleste sakene og har ein av dei høgaste oppklaringsprosentane i landet, seier Drønnen.

Les også Heidi har sin eigen metode for å utmatte svindlarar på Facebook

Heidi Fagna sit utandørs med laptop i fanget