Norsk politi brukar dagleg tolkar som kan hjelpe dei å forstå framandspråklege. Berre i fjor kjøpte politiet tolketenester for nesten 60 millionar kroner.
No slår Klagenemnda for offentlige anskaffelser, Kofa, fast at politiet har brote lova. Dette skjer etter å ha undersøkt praksisen hos politiet i Møre og Romsdal:
«Det foreligger en klar overtredelse, og det er skjerpende at kjøpene er foretatt uten kunngjøring i en årrekke».
Det skriv Kofa når politiet i Møre og Romsdal no får eit gebyr på 847 000 kroner for å ha kjøpt tolketenester for 6,5 millionar kroner i 2017, 2018 og 2019.
«Ikkje tid til å lyse ut kontrakten»
Men politiet er ikkje enige. Avdelingsdirektør Marianne Haahjem i Politiets fellestjenester skriv i tilsvaret til Kofa at politiet ofte har «tidskritisk behov for tolk». Dei argumenterer også med at kvart enkelt oppdrag må vurderast individuelt, og ikkje samla. Men no vil dei rette seg etter vedtaket.
Avdelingsdirektør Marianne Haahjem i Politiets fellestjenester seier politiet er usamde i vurderinga til Kofa.
Foto: Olav Døvik / NRK– Vi har hatt ei vurdering som er annleis enn Kofa, men vi må ta til etterretning at dei meiner vår vurdering er feil, seier Haahjem.
Ho opplyser at politiet over heile landet praktiserer regelverket likt, og årleg handlar inn tolketenester for over 50 millionar kroner.
På den måten får ikkje potensielt interesserte firma delta i konkurransen. I saka mot Møre og Romsdal politidistrikt slår Kofa fast at dette er klart ulovleg:
«Slik saken er opplyst for nemnda, anser nemnda innklagedes manglende overholdelse av kunngjøringsplikten som grovt uaktsom».
– Det er sjølvsagt uheldig at Kofa har vurdert det som grovt aktlaust, og vi er usamde i den vurderinga, seier Haahjem.
Seier politiet bør følgje lovverket
Det var styreleiar Trygve Moxness i firmaet Sibella AS som klaga saka inn for Kofa. Sibella tilbyr tolketenester, og Moxness har tidlegare arbeidd med offentlege innkjøp for ulike norske verksemder. Han er glad for konklusjonen, men oppgitt over politiet sin praksis.
Trygve Moxness seier han ikkje aksepterer at politiet let vere å lyse ut tolke-kontraktar offentleg. Han meiner han kan ha tapt inntekter på å ikkje få vere med i konkurransen.
Foto: Synnøve Hole / NRK– Det er ikkje bra, folk forventar at politet skal følgje lovverket. Dei som handhevar regelverket, skal følgje det, seier Moxness.
For alle offentlege innkjøp skal lysast ut, slik at den som vil kan vere med i konkurransen. Det er her politiet har brote lova.
– Burde visst betre
Kofa og Moxness får medhald hos Marianne H. Dragsten, som er jurist og ekspert på offentlege innkjøp.
Jurist og ekspert på offentlege innkjøp, Marianne H. Dragsten, meiner politiet burde handtert saka meir profesjonelt enn dei truleg har gjort.
Foto: Vaar Advokat– Politiet er ein stor og profesjonell innkjøpar og bør kjenne lovverket godt. Eg meiner difor at politiet burde ha kjent regelverket betre og handtert dette meir profesjonelt enn det som det verkar som dei har gjort, seier ho.
Vil vere med i konkurransen
Han som klaga politiet inn til Kofa, seier det er svært viktig at politiet rettar seg etter lovverket om offentlege innkjøp. Han meiner det mellom anna vil kunne motverke kvitvasking og svart arbeid.
– Eg aksepterer ikkje at politiet gjer slike typar feil. Mitt selskap har rett til å konkurrere på lik linje med andre, seier han.