Hopp til innhold

Her får Arnefjord endeleg løn for strevet

Etter fleire månader på sidelinja var Daniel Arnefjord tilbake for Aalesund søndag mot Sarpsborg 08. Kvart eit sekund av dei få minutta blei fantastiske.

Daniel Arnefjord

Her blir Daniel Arnefjord bytta inn for Michael Barrantes mot Sarpsborg 08. At svensken no endeleg ser ut til å vere skadefri gler både han sjølv, trenar Jan Jönsson og fansen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Ikkje sidan 6. oktober i fjor, mot Viking i Stavanger, hadde svensken spelt fotball på øvste nivå. Daniel Arnefjord, som var både kaptein og éin av Aalesund sine beste spelarar i fjor, blei kneoperert. Vegen tilbake har vore lang.

Då blei minutta i 3-1-sigeren over Sarpsborg 08 søndag desto meir forløysande.

– Det var utruleg gøy å få vere med igjen, sjølv om det berre er nokre minutt. Det var ein fantastisk følelse å få gå ut på Color Line Stadion, sa Arnefjord til NRK etter kampen søndag.

Daniel Arnefjord

Daniel Arnefjord har vore kaptein i AaFK dei siste åra. I 2013 har han sett lagkameratane frå tribunen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det har vore trist

For den no 34 år gamle svenske har skadeavbrekket vore tungt. Tidlegare har han omtalt det som det tyngste han har opplevd.

– Det har vore trist, fortel Arnefjord om månadene på sidelinja.

Etter kneoperasjonen i oktober i fjor har midtstopparen gang på gang vore på veg tilbake. I staden for eliteseriekampar har det blitt tilbakeslag.

– Eg har kjempa hardt for å kome tilbake, trena mykje og hatt nokre tilbakeslag. Så dette har vore ein tøff kamp. Å få kome inn i sluttminutta er ei god løn etter hardt slit.

– Er du 110 prosent klar igjen no?

– Nja, det manglar litt kamptrening, og så treng eg litt meir kontinuitet i treningsarbeidet. Eg har vore i eit par tre veker og treng framleis litt tid på å trene meg opp igjen. Men nokre minutt her og der, litt kampar og så kjem toppforma, trur Arnefjord.

Jan Jönsson

AaFK-trenar Jan Jönsson smilte stort etter 3-1-sigeren søndag. Fleire signeringar og Arnefjord i aksjon gir ikkje svensken mindre å glise for.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Vil matche landsmannen forsiktig

For trenar Jan Jönsson, og Aalesund som klubb, blei re-debuten til Arnefjord berre éi positiv nyheit til gjennom veka.

Først forlenga Michael Barrantes i to nye år med klubben, så blei Hødd-høgreback Akeem Latifu henta inn på lån , før Houicine Zaidoune blei henta på lån frå Olympique Safi . I tillegg opnar keeper Sten Grytebust no for å forlenge, skriv Sunnmørsposten.

– Dei var viktige dei siste signeringane, svarte Jönsson på spørsmål om han følte seg komfortabel med den noverande Aalesund-stallen.

Å få sende landsmann Daniel Arnefjord på banen, to minutt på overtid, var han òg komfortabel med.

– Han fortente det, og no skal vi byggje vidare. Det blir andrelagsfotball på han måndag, for det blir viktig med matchtrening. Han skal få fylt på, slår Jönsson fast i prat med NRK.

Saka held fram under bildet.

Barrantes signerer

Denne Michael Barrantes-signaturen er blant dei viktigaste signaturane i Aalesund si historie. Tidlegare AaFK-spelar Amund Skiri trur signaturen vil fungere som ei dominobrikke.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
Jonatan Tollås Nation

Jonatan Tollås Nation har tatt over kapteinsbindet etter at midtstopparkollega Daniel Arnefjord blei skadd i fjor.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Tøff kamp i midtforsvaret

No håper både Jönsson og Arnefjord at skadeavbrekket er over, men trass i matchtrening kan det bli tøft å spele seg til fast plass. Mot Sarpsborg søndag starta Jonatan Tollås Nation og Edvard Skagestad i midtforsvaret. I tillegg har Andreas Nordvik gjort sine saker greitt når han har vore på banen.

– Det blir veldig tøft å spele seg inn på laget. Vi har gjort det veldig bra i år, og dei som har spelt i det siste har gjort det bra. Det blir tøft å utkonkurrere dei, trur Arnefjord.

Mannen som har tatt over kapteinsbindet etter svensken, Tollås Nation, prata for to veker sidan om viktigheita av Arnefjord i aksjon.

– Daniel tilbake vil gagne alle partar. Det er sunt med ein konkurransesituasjon i klubben.

Kven som blir kaptein dersom Arnefjord finn storformen igjen, blir opp til Jönsson.

– Seier han at han Daniel skal vere kaptein, så er ikkje det eit problem for meg. Men det er ikkje til å leggje skjul på at eg trivst i kapteinsrolla og føler eg har gjort det bra i den, sa 23-åringen frå Ålesund .

Akeem Latifu

Akeem Latifu har tatt turen over Breisundet, frå Hødd og Ulsteinvik til AaFK og Ålesund. Han var éin av tre signaturar Jan Jönsson sikra seg førre veke.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Naturleg med prat om tabellen

Sunnmørsvêret er ikkje alltid perfekt, men sola skin i alle fall over AaFK og Color Line Stadion. Etter sigeren søndag har Aalesund fått ei luke ned til fjerdeplassen, og laget knappa inn to poeng på Strømsgodset og Rosenborg.

AaFK har no fem poeng opp til Godset og tre poeng ned til Viking på fjerdeplass.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på tabellen, eg tenkjer prestasjonar. Vi må bli betre over 90 minutt, sa ein diplomatisk Jönsson etter kampen søndag då han fekk spørsmål om tetduoen.

– Er det berre tull å prate om meir enn tredjeplass?

– Neida, det er naturleg med prat om tabellen, men vi er ikkje så opptekne av den. Vi kikar sjølvsagt på den, men det er sluttabellen som tel, og det er mange kampar igjen, avsluttar AaFK-trenaren.

Daniel Arnefjord

Daniel Arnefjord har vore ein viktig spelar for AaFK sidan overgangen frå AIK i 2008. Her løftar han kongepokalen etter cupgullet i 2011. Får han moglegheita til feire seriegull med dei oransje og blå òg?

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL