Hopp til innhold

Kapteinsvarm Tollås Nation ser oppover

AaFK ligg medaljeplassert før haustsesongen, og kaptein Jonatan Tollås Nation vil gjere alt for å forsvare plassen. Helst vil han klatre forbi både Strømsgodset og Rosenborg.

Tollås Nation

Jonatan Tollås Nation håper på meir heimejubel når Sandnes Ulf er motstandar laurdag ettermiddag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Moglegheitene er der no fordi vi har gjeve oss sjølve eit godt utgangspunkt, seier Jonatan Tollås Nation.

Til no har Aalesund imponert i Eliteserien, og etter 16 serierundar ligg laget på bronseplass.

Jonatan Tollås Nation

Jonatan Tollås Nation overtok kapteinsbindet før årets sesong.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Først og fremst bør vi konsentrere oss om å kjempe om medalje i det heile tatt. Ligg vi på tredjeplass når det blir oktober/november, så skal vi vere fornøgde.

– Men når vi er der oppe så vil vi alltid sjå oppover på tabellen og prøve å hente inn dei framfor, slår AaFK-kapteinen fast.

Framleis ikkje tap i Ålesund

I dag er det Sandnes Ulf som skal gjere eit forsøk på å overliste dei oransje og blå frå Sunnmøre. Det er inga lett oppgåve i Ålesund.

Åtte heimekampar har resultert i fem sigrar og tre uavgjort, 18 poeng til saman. Det er 11 heimekampar sidan AaFK siste tapte. Motstandar Sandnes Ulf ligg i botnen av tabellen, men har spelt inn nokre skrellar borte i år.

– Dei har slått både Rosenborg og Tromsø på bortebane i år. Så vi veit kva som ventar, og kjem på ingen måte til å undervurdere dei, seier Tollås Nation.

Sist heimekamp måtte Aalesund dele poenga med Sogndal, etter eit fantastisk langskot signert Magnus Stamnestrø . No bør det bli ny heimesiger, meiner AaFK-kapteinen.

– Sandnes Ulf har nokre spelarar som kan gjere livet surt for oss, så vi må vere konsentrerte heile vegen. Men eg er svært optimistisk og eg trur vi tek tre poeng.

Saka held fram under bildet.

Carlsen og Orry Larsen
Foto: AaFK.no

– Viser at AaFK verkeleg vil noko

Ekstra optimistisk blei han fredag, då to av kapteinen sine mest sentrale lagkameratar forlenga med Aalesund .

AaFK haugesund

Edvard Skagestad, her i duell med Haugesund-spelar Henrik Kjelsrud Johansen, er blant spelarane med utgåande kontrakt. AaFK vann 2–1 mot Haugesund i førre serierunde.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Først og fremst sender det gode signal om at AaFK satsar på unge og lovande spelarar, seier Tollås Nation.

Peter Orry Larsen forlenga ut 2016-sesongen, medan Fredrik Carlsen forlenga ut 2015-sesongen.

– Sjølv om dei har slite med skader så viser AaFK at dei vil satse på dei. I år har Orry og Carlsen stått fram og vore toneangivande, og det er vel fortent med kontraktsforlenging. Det sender også gode signal til andre spelarar med utgåande kontraktar, og det viser at AaFK verkeleg vil noko.

Michael Barrantes, Sten Grytebust og Edvard Skagestad er mellom spelarane som òg har utgåande kontraktar.

Trivst i kapteinsrolla

Aafk-kaptein Daniel Arnefjord

Svenske Daniel Arnefjord er på veg tilbake etter kneoperasjon og skadetrøbbel.

Foto: Arild Pettersen

Til kampen mot Sandnes Ulf er Barrantes tilbake , etter spel under CONCACAF Gold Cup for Costa Rica. Midtstoppar Daniel Arnefjord er snart tilbake .

– Daniel tilbake vil gagne alle partar. Det er sunt med ein konkurransesituasjon i klubben, og at ein ikkje veit uansett prestasjon at ein vil spele kampen etter, seier Tollås Nation.

Arnefjord har derimot vore kaptein gjennom fleire år i Aalesund. Dermed kan det bli «kamp» om kapteinsbindet.

– Det blir opp til trenaren å avgjere kven som skal vere kaptein. Seier han at han Daniel skal vere kaptein, så er ikkje det eit problem for meg.

– Men det er ikkje til å leggje skjul på at eg trivst i kapteinsrolla og føler eg har gjort det bra i den, avsluttar den noverande AaFK-kapteinen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL