Hopp til innhold

Etterlengta Barrantes-signatur på plass

I dag kan mange AaFK-fans puste letta ut. For i ettermiddag forlenga costaricanske Michael Barrantes kontrakten sin med dei oransje og blå.

Barrantes signerer

Michael Barrantes, her flankert av trenar Jan Jönsson (t.v.) og klubbdirektør Henrik Hoff, forlenga i dag kontrakten si med Aalesunds FK.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg har det fint i Ålesund, og familien min har det bra her. Det har vore eit viktig argument for eg har valt å halde fram i AaFK, sa Michael Barrantes etter pressekonferansen.

Saman med trenar Jan Jönsson og administrerande direktør Henrik Hoff kom Barrantes travande fram. Svært mange hadde møtt opp for å få med seg pressekonferansen, og fleire blei overraska då costaricanaren sat seg ned.

Midtbanespelaren har vore blant AaFK sine viktigaste spelarar dei siste åra, og har vore svært sentral sidan han kom til klubben i 2010.

Michael Barrantes

Michael Barrantes var glad etter at kontraktsforlenginga hadde blitt presentert på Color Line Stadion.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Ein omstendeleg prosess

Forhandlingane mellom Aalesund og Barrantes har pågått svært lenge. Medan spelaren sjølv har ønskja seg til utlandet, har AaFK vore tydelege på at dei vil ha han med seg i ei vidare satsing.

– Vi har lenge vore klare på at vi ønskjer å behalde Michael. Det har vore ein omstendeleg prosess, sa direktør Hoff under pressekonferansen.

– Han er ein nøkkelspelar for laget framover, noko som gjer at vi er ekstremt glade for denne signeringa. Mike er kanskje den beste spelaren i Eliteserien.

Kor mykje AaFK måtte ut med for kontraktsforlenginga er uklart, men det dreiar seg om millionbeløp.

– Det er ein fornuftig kontrakt for begge partar som speglar av verdien Mike meiner han utgjer, og kva vi i klubben føler han er verdt, sa Hoff til det frammøtte pressekorpset.

Jan Jönsson

AaFK-trenar Jan Jönsson er svært fornøgd med å få med seg Barrantes vidare.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Viktig for eventuell Jönsson-forlenging

Trenar Jan Jönsson var etter pressekonferansen tydeleg på at Barrantes-signaturen gjev ein god følelse.

– Det er eit positivt signal etter ein prosess som har tatt lang tid. Av og til kan ein som supporter synest at ting tek for lang tid, men han trengde tid for å tenkje gjennom ting. Han er langt frå heimelandet, men dette er eit signal på at han har ein god andreheim i Ålesund, sa AaFK-trenaren til NRK.

– Familien er viktig for Mike, og det er fotballen også. Han har ei sentral rolle i laget, ei rolle han skal ha, der han spelar lagkameratane gode.

Svensken meiner Barrantes-forlenginga er svært viktig både for det sportslege og som eit signal ut. Signaturen kan òg ha noko å seie for om Jönsson sjølv forlengjer.

– Alle puslespelbrikkene som skal på plass er viktige. Vi får sjå med meg, nikka Jönsson – som har kontrakt ut årets sesong enn så lenge.

Michael Barrantes

Michael Barrantes, her saman med sonen på Color Line Stadion, har vore klar på at familiesituasjon er ein del stor del av kontraktsforlenginga.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Sportslege skal ikkje stå i vegen

Signeringa hausta applaus frå nysgjerrige frammøtte, og medan Jönsson smilte beskjedent som vanleg, var Hoff-gliset enormt.

– Dette er kanskje litt ekstra godt sidan det har vore så mykje merksemd rundt han Mike på grunn av prestasjonane hans. Klubben, trenarteamet, styret og administrasjonen er veldig fornøgde med at dette no er landa, sa Hoff til NRK.

Han meiner ein rutinert og viktig spelar med vidare er eit signal til dei unge og framadstormande i klubben.

– Og eit signal om at AaFK blir å rekne med i toppen både i år, neste år og åra etter. Det er målet vårt, og Mike er heilt klart ei av drivkreftene for at vi skal klare det.

– Kor viktig er Barrantes-forlenginga for å få med Jan Jönsson vidare?

– Jan føler nok dette er éin av fleire brikker, men dette går ikkje berre på spelarar. Dette er også for Jan personleg med familieforhold. Vi håper forlenging fell på plass, for vi storkosar oss med han Janne her no.

– Det sportslege skal ikkje stå i vegen i alle fall?

– Nei, det skal det ikkje. I AaFK er vi opptekne av å byggje stein på stein, noko vi har gjort over fleire år. Vi har allereie kome langt, og vi skal vere med i toppen av norsk fotball framover, avslutta ein fornøgd Henrik Hoff.

(Sjå intervju med AaFK-trenar Jan Jönsson og klubbdirektør Henrik Hoff under).

Michael Barrantes forlengar kontrakten med AaFK med to år. Det blei klart tidlegare i ettermiddag. Barrantes har tidlegare uttalt at han vil bort, og heller spele for ein klubb med ambisjonar. Men no er han altså med vidare.

Barrantes forlengar med AaFK