NRK Meny
Normal

Latifu til AaFK på lån ut sesongen

Hødd sin høgreback Akeem Latifu går til AaFK på lån ut sesongen. Samstundes har klubben ein erstattar klar, 21-åringen Jonas Ingebrigtsen frå Herd.

Akeem Latifu

Hødd sin solide høgreback Akeem Latifu, går på lån til AaFK ut sesongen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det har den siste tida vore ein del spekulasjonar kring framtida til Akeem Latifu i Hødd og interessa frå AaFK.

AaFK la nyleg inn eit bud på nigerianaren, men det var for lågt for Hødd, som avslo.

Hødd hadde eit ynskje om at Latifu blei verande i klubben utover hausten, men Latifu har sjølv uttrykt eit sterkt ynskje om klubbskifte, og difor har Hødd i staden valt å leige ut backjuvelen til AaFK.

– Eg er svært glad for at dette ordna seg. Eg rettar ein stor takk til trenaren og direktøren for at dette gjekk i orden. Det var dette eg ønska heile tida, uttalar Akeem Latifu til Sunnmørsposten.

– Den beste løysinga

Sportssjefen i Hødd, André Nevstad, meiner avtalen om utlån til AaFK var den beste løysinga i denne saka. Ei sak som Nevstad forklarar som komplisert.

Saka har verkeleg vore komplisert. Ut i frå dialogen vi har hatt med spelaren den siste veka blei det vanskeleg for oss å halde på han, seier André Nevstad til NRK Møre og Romsdal og legg til:

– Det var uaktuelt for oss å selje, med tanke på det budet vi fekk presentert av Aalesund. Då var ein utlånsavtale beste løysinga.

Etter alt og døme vil Latifu allereie bli klar for spel for AaFK mot Sarpsborg 08 førstkomande søndag.

André Nevstad

Hødd, her representert ved sportssjef André Nevstad, meiner eit utlån til AaFK var det beste både for Akeem Latifu sjølv, og for klubben.

Foto: Arne Flatin / NRK

Har erstattaren klar

Sjølv om Hødd no misser ein av sine beste spelarar, i første omgang eit halvår framover, har klubben allereie erstattaren klar.

Jonas Ingebrigtsen (21), som kjem frå Ålesunds-klubben Herd, har signert kontrakt med Hødd ut 2015-sesongen. Ingebrigtsen blir karakterisert som ein lovande høgreback med offensive kvalitetar.

På spørsmål om unge Ingebrigtsen kan fylle skoa til to år eldre Latifu på høgrebacken, svarer sportssjef Nevstad:

– På sitt beste har Akeem vist seg å vere ein svært god fotballspelar. Men i og med at situasjon blei slik den blei, så føler vi at vi har gjort eit godt val i Jonas (Ingebrigtsen).

– Vi har fulgt han nøye over tid, og trur at han kan ta steget opp. Han har glidd flott inn i spelargruppa, og er ein spelartype vi treng, seier Nevstad avslutningsvis.

Skuffa blåsarar

Blåsarane

Hødd sine trufaste supporterar Blåsarane er skuffa over utlånsavtalen for Akeem Latifu mellom AaFK og Hødd. Talsmannen for Blåsarane (nr.2 f.v), Kåre Henning Gardshol, meiner Latifu-utlånet er trist.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

DÅ NRK Møre og Romsdal kontakta Blåsarane, som fredag kveld var på busstur til Hamar for å sjå sitt kjære Hødd i aksjon mot HamKam søndag, var det ein skuffa supportergjeng som fekk høyre om utlånsavtalen.

– Det er både skuffande og trist. Vi har jo hatt eit håp om opprykk, men når vi ikkje klarer å behalde Latifu, som er ein av nøkkelspelarane våre, så vitnar ikkje akkurat det om høge ambisjonar, seier talsmann for Blåsarane, Kåre Henning Gardshol.

Gardshol har tru på nysigneringa og den førespegla erstattaren for Akeem Latifu, Jonas Ingebrigtsen, som har trena med Hødd nokre gongar den siste tida. Men om han verkeleg kan erstatte Latifu, er supportaren meir usikker på.

– Vi har sett han på trening, og han verkar lovande. Men han er ung, og det er ikkje akkurat noko lite steg å gå frå 3. divisjon med Herd til 1. divisjon med Hødd. Vi får likevel håpe at han klarer å ta steget så raskt som råd, seier Kåre Henning Gardshol.

I tillegg til at Akeem Latifu går til AaFK og Jonas Ingebrigtsen kjem inn frå Herd, går spissen Robin Hjelmeseth no same vegen som Eirik Heltne nyleg gjorde. Begge skal no spele for Herd. Hjelmeseth har samstundes fått forlenga kontrakta sin med Hødd til og med 2014-sesongen.