Hopp til innhold

Jens (20) kan bli ordførar: – Mange er skeptiske, men eg har trua

For berre to år sidan melde han seg inn i Arbeidarpartiet. No kan Jens Aklestad (20) bli ordførar i heimkommunen.

Jens Aklestad står inne på ferja over til Eidsdal fra Valldal. Det er mørkt, og man ser lyset fra vinduet i ferja lyse på Jens. Han ser direkte mot vinduet og på utsikten. Han har rød Arbeiderparti-jakke på seg.

UNG ORDFØRARKANDIDAT: Jens Aklestad er Arbeidarpartiets yngste ordførarkandidat. Han vil overtyde folket om at den unge alderen ikkje er ei ulempe.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ein liten times køyretur frå Ålesund ligg Fjord kommune. Ein kommune som er stor i areal, men som berre har om lag 2.500 innbyggjarar.

Den er kjend for jordbærbygda si, og ligg midt mellom turisattraksjonane Geiranger og Trollstigen.

Der finn ein også Arbeidarpartiet yngste ordførarkandidat, Jens Aklestad.

– Eg har høyrt at mange er skeptiske til den unge alderen min, men det er jo målet mitt å overtyde dei om at det ikkje er alderen det står på – men ambisjonane og visjonane for kommunen, seier ordførarkandidaten.

Jens Aklestad foran Fjord kommune sitt rådhus i Stordal. Bak Jens ser man rådhuset. Han er på vei inn dit, og har mobilen til øret. Han har på seg en rød Arbeiderparti-jakke, sekk på ryggen og beige bukse.

Jens Aklestad seier det er fullt fokus på valkamp framover.

Foto: Remi Sagen / NRK

Makta i ein kommune

Vi er med 20-åringen rundt om i den langstrekte kommunen. På ei ferje full av begeistra turistar og gjennom smale, kronglete tunnelar. Sola tittar fram, fjorden glitrar og fjella er majestetiske.

I haust kan Aklestad få stor makt rett i fanget, men det bekymrar han ikkje. Han er klar.

– Eg lever etter at vi skal gjere kvardagen betre for alle. Då er det viktig for meg at vi får den posisjonen til å kunne gå inn og hjelpe folk med kvardagsproblema deira.

Men er du eigna nok til å faktisk kunne styre ein heil kommune?

Det er store diskusjonar om det. Eg har høyrt mange som er skeptiske, men eg har trua. Eg har eit stort lag med flinke folk i ryggen, så om det er noko eg ikkje får til på første forsøk, så har eg kontaktane – og då skal vi klare å løyse det.

Jens Aklestad, med brunt hår og en rød Arbeiderparti-jakke, står på ferja over til Eidsdal. Han står oppe på ferja og ser til høyre for kamera - mot Eidsdal. Bak han ser du fjord, fjell og en annen ferje.

Jens Aklestad på ferja over fjorden til Eidsdal i Fjord kommune. Han ønskjer å jobbe for eit betre ferjetilbod dersom han blir ordførar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Høgrepolitikar Simen Sandelien (51) uttalte i midten av juni at den beste alderen for ein politikar er mellom 30 og 70 år, og at det er naturleg at ungdom ikkje blir lokalpolitikarar.

Sandelien meiner mellom anna at når ein har bikka 30 år har ein i større grad fått moglegheit og evnene til å sjå samfunnet under eitt. Òg at mange unge har nok med studiar, jobb og familieliv.

Det reagerer ordførarkandidaten på.

Det synest eg berre er tull, rett og slett. Eg trur det er eit faktisk demokratisk problem dersom ein skal avskrive ein heil generasjon på den måten. Eg meiner alle stemmer er viktige, og det kjem til å vere viktig at alle uavhengig av alder, etnisitet eller bakgrunn blir høyrde, seier Aklestad.

Inne på rådhuset i Stordal i Fjord kommune. Til venstre ser man Jens Aklestad, ordførerkandidat i Arbeiderpartiet, og til høyre for han ser man nåværende ordfører Eva Hove.

Omtrent 50 år i aldersforskjell. Jens Aklestad (20) kan ta over for ordførar Eva Hove (68) i haust.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politikken er for godt vaksne?

Inne på på kommunen sitt hus i Stordal i Fjord kommune møter vi noverande ordførar Eva Hove (Ap), som har vore i lokalpolitikken sidan 1988.

No gir ho stafettpinnen vidare til den unge ordførarkandidaten, som er omtrent 50 år yngre.

– Det er mange på min alder i politikken som er med og bestemmer, så det blir spennande å sjå korleis det skal gå når vi lèt dei yngre kreftene ta over, seier ordføraren.

Men ho har stor tru på Aklestad, og beskriv han som ein utadvendt person som tek ansvar og set seg godt inn i sakene.

– Korleis trur du folket tek imot at ein går frå ei som er 68 år til ein som er 20 år?

– Det blir spanande. Eg trur mange er reserverte og tenkjer at politikk er for godt vaksne folk. Men eg har god tru på at når folk får tenkt seg om og høyrde kva Jens står for, så vil dei gi tilslutning til han.

Jens Aklestad inne på Muritunet i Valldal i Fjord kommune. Her masserer han moren sin, Anne Kristin Thomassen Aklestad. Han står bak henne med rød Arbeiderparti-jakke, mens hun sitter på en stol ved et bord med kokkeuniform på seg.

Rollene kan bli snudd om. No er mor Anne Kristin Aklestad sjefen til Jens Aklestad på Muritunet, men i haust kan dei begge ende opp i kommunestyret. Sonen som ordførar, og mor som kommunestyrerepresentant.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kan bli sjefen til mora

Turen går vidare til jordbærbygda Valldal og rehabiliteringssenteret Muritunet, der Aklestad jobbar deltid. Der treffer vi også mor hans, kjøkkensjefen.

Ho hadde aldri sett for seg at sonen skulle vere ordførarkandidat i ein alder av 20 år.

– Men engasjementet er stort, så eg har stor tru på at dette skal gå, seier ho.

Mor Aklestad stiller også til val i kommunestyret for Arbeidarpartiet, så kanskje blir rollene snudde om.

– No er ho sjefen min, og så kan eg bli sjefen hennar i haust, seier 20-åringen og ler.

Inne på rehabiliteringssenteret Muritunet. Til venstre i bildet ser du Elisabeth Golten , som jobber ved kjøkkenavdelinga, sitte på en stol og gestikulere med hendene. Like bortenfor henne ser man Anne Kristin Thomassen Aklestad sitte på en stol, og sønnen hennes Jens Aklestad som står bak henne.

Det er god stemning blant kollegaene på Muritunet i Valldal. Til venstre er Elisabeth Golten.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kollega Elisabeth Golten kjenner begge Aklestadene godt. Ho meiner han har fått talegåvene frå mor si, og har full tiltru til han som potensiell ordførar.

– Han har god kontakt med ungdommane, og det er viktig i desse dagar. Då kan han få ungdommane tilbake hit til bygda.

Mor Aklestad håpar sonen blir ordførar, men når det gjeld hennar plass i kommunestyret er ho ikkje særleg bekymra.

– Eg har jo eit talerøyr eg då, så det går fint uansett, seier ho og ler.

Valldal sentrum. Her ser du Murisenteret og andre bygninger. Bak disse ser du de majestetiske fjella.

Bygda Valldal kor Jens Aklestad er oppvaksen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les også Jenny (17) kan bli den yngste folkevalde politikaren i landet

Jenny Alvestad Aarnes ser direkte inn i kameraet med et stort smil. Hun har halvlangt, lyst hår. Hun har på seg et smykke, en sort topp og en grønn cardigan. Bak henne ser man salen hvor kommunestyremøtene i Haram skal bli holdt.

Les også Thilde (21) dropper ut: – Føler at ingen voksne bryr seg om unge

Thilde Fosseide Thomasgård holder opp gestikulerer med hånda mens hun snakker med journalisten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL