Hopp til innhold

Jenny (17) kan bli den yngste folkevalde politikaren i landet

Ho toppar lista for Sosialistisk Venstreparti i heimkommunen, som den yngste i landet. – Nokså unikt tilfelle, seier valforskar.

Jenny Alvestad Aarnes, landets yngste listetopp, står inne i salen hvor kommunestyremøtene i Haram skal holdes til høsten. Bildet er tatt overfra. Jenny har lyst, halvlangt hår og smiler direkte inn i kameraet.

YNGST I LANDET: – Eg synest det er viktig at alle får eit likt utgangspunkt for å lykkast i livet. Derfor vil eg vere ein del av å gjere det mogleg for andre, seier listetoppkandidat Jenny Alvestad Aarnes (17) frå Lepsøy i Haram kommune.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Hadde Jenny Alvestad Aarnes vore fem dagar yngre, kunne ho ikkje ha stilt på liste til kommunevalet i år.

17-åringen er nemleg fødd 27. desember 2005. Ho er akkurat innanfor grensa til å kunne bli lokalpolitikar i Haram.

Men pågangsmotet og engasjementet er det ingenting å seie på. Aarnes er klar på at ho vil vere med å bestemme korleis heimkommunen skal vere.

Eg berre: «Ja, eg vil stille på topp», seier Aarnes.

NRK forklarer

Kva betyr det å stå på liste?

Liste ved kommuneval

Ved kommunevalet har dei politiske partia laga lister med folk du kan stemme på.

Ei sånn liste har minst sju personar.

Viss du vil ha inn nokre spesielle personar i kommunestyret i det partiet du stemmer på, så kan du sette eit kryss bak desse personane. Dei som får flest stemmer blir valgt inn i kommunestyret.

Men eit parti kan også gi nokre politikarar eit stemmetillegg. Det blir kalla kumulering. Det vil sikre dei den plassen dei har fått på lista.

 

Du kan også føre opp inntil fem personer fra andre parti. Det kalles slengere og gjør at disse får flere personlige stemmer.

– Litt skummelt, men spennande

Ho ønskjer å få ned forskjellane blant folk, og ha særleg fokus på skulepolitikken.

– Så ein får same moglegheiter som dei rundt seg, og får vere med på dei same sosiale tinga – uavhengig av kvar foreldra dine er frå eller kor mykje pengar dei har.

Listetoppen kryssar fingrane for at ho blir vald inn.

– Det er litt skummelt når det er ein liten kommune som Haram, men eg trur det blir spennande. Det blir gøy å vere med å påverke plassen eg har vakse opp på, og gjere det til eit fint miljø for andre å vekse opp i, seier ho.

Jenny Alvestad Aarnes ser direkte inn i kameraet med et stort smil. Hun har halvlangt, lyst hår. Hun har på seg et smykke, en sort topp og en grønn cardigan. Bak henne ser man salen hvor kommunestyremøtene i Haram skal bli holdt.

– Vi vil prøve å ta ein aktiv del i korleis den nye kommunen blir forma. Eg håpar vi får ein stor påverknad og blir meir synlege i kommunen, seier 17-åringen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Heimplassen hennar, Haram, vart i 2017 tvangssamanslått med Ålesund kommune, til stor fortviling for fleire.

I fjor vart det derimot klart at Haram skal få bli ein eigen kommune igjen. Det skjer neste år, i 2024.

Aarnes er derfor klar for å få inn SVs politikk i den nye kommunen.

– Nokså uvanleg

– Trenden dei siste tjue åra er at kommunestyra blir eldre og eldre.

Det seier Bjarte Folkestad, som er valforskar ved Høgskulen i Volda, medan han viser oss ein graf. Han meiner det kan føre til at avgjerder som blir tekne i kommunane ikkje er i favør dei unge.

– Ungdommen blir på mange måtar dobbelt-taparar i dette. Dei har låg deltaking i politikken, men også låg representasjon.

Bjarte Folkestad er valgforsker ved Høgskulen i Volda. Her står han inne på kontoret sitt. Han har brunt hår og skjeggvekst. Han ser til høyre for kameraet og smiler, mens han gestikulerer med hendene og snakker.

– Unge mellom 18 til 25 år er underrepresenterte i norsk lokalpolitikk. Dei siste åra har det vore ein stabil del unge, men dei er underrepresenterte sett i forhold til befolkninga, seier valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Valforskaren seier at det tradisjonelt er partia på venstresida i politikken, som Raudt og SV, som har flest unge på listene sine.

Men at ei som fyller 18 år i utgangen av året står på topp for eit parti - det er ikkje normalen.

– Det er nokså uvanleg. Her snakkar vi om eit nokså unikt tilfelle der du har ein veldig ung kandidat som står på toppen av lista. Men vi har også hatt døme på unge kandidatar som står på topp, og som blir ordførar.

Jenny Alvestad Aarnes står smilende med blondt hår og en rød t-skjorte foran standen til SU på Volda videregående skole. På skiltet foran standen deres står det "Fingra av fatet, knus patriarkatet".

– Eg har alltid vore veldig interessert i politikk, og har alltid hatt lyst å prøve å vere med å gjere ei endring, seier Aarnes medan ho er rundt på skular for å rekruttere medlemmer til SU.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi er ikkje heilt på same side

Engasjementet til Aarnes har komme inn med morsmjølka. Mor hennar er nemleg lokalpolitikar for Senterpartiet.

– Det har vore litt debattar heime. Vi er ikkje heilt på same side i politikken, seier ho og ler.

– Men ho har alltid oppmoda meg til å tenkje sjølv. Diskusjonar heime har fått meg til å innsjå kva eg meiner sjølv, og kva eg ikkje meiner. Så eg trur det har vore ein veldig bra påverknad at mamma og andre i familien min har vore politisk engasjert.

– Hadde du vore like politisk engasjert dersom mor di ikkje var det?

– Eg veit ikkje. Som det er no trur eg at eg hadde vore politisk engasjert uansett. Men det er vanskeleg å seie korleis eg hadde utvikla meg om det ikkje var nokon diskusjonar og debattar ved middagsbordet, seier Aarnes.

Jenny Alvestad Aarnes og kommunedirektør i Haram Anders Norvald Hammer er inne i kommunestyresalen i Brattvåg. Jenny står oppreist og har en samtale med Anders som sitter på bordet et par meter foran henne. Bak dem er det store vindu ut mot fjorden.

Jenny Alvestad Aarnes og kommunedirektør i Haram, Anders Norvald Hammer, møter kvarandre for første gong i kommunestyresalen i Brattvåg.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Lykke til

Kommunedirektør i Haram, Anders Norvald Hammer, seier dei er godt i gang med å lage den nye kommunen. Også han har teke ein kikk på dei ulike partia sine kandidatar.

– Det ein kan tolke ut av vallistene er at vi får ein god miks av erfarne politikarar, som både er politikarar i dagens kommune og var det i tidlegare Haram kommune, og så er det flott å sjå at vi får nye politikarar inn som ikkje har den same erfaringa.

Og at dei har den yngste listetoppen i landet er «berre kjekt», seier han.

– Eg ønskjer henne og alle andre politikarar som står på liste i Haram lykke til i valkampen. Eg håpar dei som lykkast og blir valde inn, blir ein del av eit godt kommunestyre som gjer gode val for innbyggjarane i kommunen i framtida.

Jenny Alvestad Aarnes står bak talerstolen i salen kommunestyremøtene i Haram kommune skal bli holdt utover høsten. Hun ser direkte inn i kamera og smiler. Jenny har halvlangt, lyst hår. Bak henne og talerstolen ser man ut av et stort vindu, med en nydelig utsikt over fjorden i Brattvåg.

Jenny Alvestad Aarnes står bak talarstolen i kommunestyresalen i Brattvåg i Haram. Der håpar ho å kunne stå frå hausten av òg.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Les også: Thilde (21) dropper ut: – Føler at ingen voksne bryr seg om unge

Thilde Fosseide Thomasgård holder opp gestikulerer med hånda mens hun snakker med journalisten.
Thilde Fosseide Thomasgård holder opp gestikulerer med hånda mens hun snakker med journalisten.