Hopp til innhold

Opnar for samarbeid med FrP

Det er ikkje med lett hjarte fylkesleiaren i Møre og Romsdal Venstre inviterer til debatt om regjeringssamarbeid med FrP eller AP. Men Venstre er tvinga til å tenke nytt.

Helge Hamre

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Venstre, Helge Hamre, meiner partiet må tenke nytt, og inviterer til debatt om eit framtidig regjeringssamarbeid med FrP.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Debatten om framtidige regjeringspartnarar, kjem til å verte vanskeleg, seier leiaren i Møre og Romsdal Venstre, Helge Hamre.

Ser tilbake på 2009 med gru

I mange år har Venstre søkt regjeringssamarbeid med Høgre og dei andre sentrumspartia, men i 2009 vart det ein fiasko. Partiet fall under sperregrensa og stod ribba tilbake. Partileder Lars Sponheim hadde stått knallhardt på eit nei til regjeringssamarbeid med Fremskrittspartiet. Det var et ufravikelig standpunkt.

Lars Sponheim

Lars Sponheim garanterte i 2009 at Venstre aldri kunne sitje i regjering med FrP.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Det vart veldig kategorisk og nærast gnidd inn i veljarane. Eg vil seie at Venstre framstod som relativt lite samarbeidsvillege og nærast umoglege å samarbeide med. No må Venstre tenke nye tankar, seier Hamre.

Hamre ser med gru tilbake på det som skjedde i 2009.

No førebur han seg til fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal som byrjar på laurdag. Debatten om Venstre kan vere med i ei regjering der FrP er med, eller om partiet kan støtte ei slik regjering, pågår for fullt. Laurdag inviterer Hamre sitt eige fylkeslag til debatt om eit framtidig regjeringssamarbeid.

– Det kjem til å gjere vondt

Fylkesleiaren i Møre og Romsdal Venstre trur lokalpolitiske erfaringar kan få betydning for det vidare vegvalet, og ønskjer ein brei debatt, ikkje berre om FrP, men også om moglegheita for samarbeid med Ap. Fleire i partiet har opna for eit framtidig samarbeid med FrP, men Hamre trur debatten vert vanskeleg

- Eg trur det kjem til å gjere vondt, for å seie det slik. Det er faktisk folk i vårt parti som nærast ikkje toler å høyre namnet FrP, men det er klart at det vert vi nok nøydde til å fri oss frå, seier fylkesleiaren.

- Vi har også krefter i partiet vårt som synast det er forferdeleg vanskeleg å samarbeide med sosialistisk side.

- Utan å søkje makt, får du ikkje makt

Jens Stoltenberg fekk fire nye år i 2009. I 2013 vert det omkamp. Høgre-sentrum samarbeid er framleis favoritten for Venstre. Men partiet kan ikkje parkere seg på sidelinja, seier fylkesleiaren i Møre og Romsdal.

- Utan å søkje makt, får du heller ikkje makt. Det er eigentleg så enkelt. Å plassere seg sjølv på sidelinja ved å seie nei i den eine eller andre retninga vil vere lite klokt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL