Nikka er død
Den kjende tradisjonsberaren innan mattradisjonar, Nikoline Myren Grønning, betre kjend som Nikka er død.
Det opplyser familien til NRK. Nikka frå Valldal i Fjord kommune blei nær 107 år gamal. Ho blei landskjend gjennom NRK sine TV-program, der ho med entusiasme formidla lokale mattradisjonar til nye generasjonar. Med si store livsglede og gode humør blei ho eit forbilde for mange. Ho fekk Kongens fortenestemedalje for å formidle kunnskap om mattradisjonar på ein framifrå måte. Nikka budde heime på garden Myra til ho var over 102 år gamal. Dei siste åra budde ho på omsorgsbustaden i Valldal. - Ho beheld sitt gode humør og glimt i auga heilt til det siste, seier sonen Jon Bjørn Grønning til NRK.