Hopp til innhold

På tunge dagar er Nikka på 104 beste medisinen

Smilet, latteren, livsgleda til 104 år gamle Nikka er det som skal til når livet buttar imot og humøret er på botn for to unge kvinner.

Hilde RiksheimTandstad, Berit Elise Emdal og hunden Miley kosar seg med Nikka-video på PCen.

Hilde Riksheim Tandstad, Berit Elise Emdal og hunden Miley kosar seg med Nikka-video på nett-TV.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Den beste medisinen på grå kvardagar er ein dose «Nikka». Det er barndomsvenninnene Hilde RiksheimTandstad (28) og Berit Elise Emdal (28) samde om.

Dei siste åtte åra har dei to sett på opptak med den 104 år gamle bakste- og gardkjerringa frå Sunnmøre når livet treng ein opptur.

– Ho er berre fantastisk! Eg er så overraska over at nokon på hennar alder har så utruleg mykje livsglede, humør og ser så mykje positivt i små ting. Det er berre heilt nydeleg, rørande korleis ho fangar små kvardagsaugneblink, seier Hilde og meiner Nikka, Nikkoline, Myren Grønning i sunnmørsbygda Valldal.

– Måten Nikka taklar livet på i stort og smått, smittar og får oss til å senke skuldrene, løfte humøret og sjå tunge kvardagar i større perspektiv, skyt Berit Elise inn.

Nikka Myren Grønning

Nikka elskar tradisjonsmat, og meiner rømmegraut med stor smørklatt må til for å smørje ledda i kroppen.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Hilde er biolog i eit firma i Tromsø og med vegetasjonskartlegging som sitt hovudfelt. Berit Elise har Marknadshøgskulen i ryggen, og jobbar på sportsbutikk og ein serveringsstad i Sykkylven.

I påsker og andre feriar møtes gjerne dei to venninne og tek gjensyn med Nikka på nettspelaren. Dei blir aldri leie.

Tipsar andre om Nikka

Dei to vende seg til NRK for rett og slett å tipse unge som måtte slite i pandemi-tida og elles, om den livsglade, gamle dama som har slik ein god effekt på humøret. Mange glimt frå livet til Nikka heime på garden, og i seinare tid på omsorgsbustaden, har vore vist i Noreg Rundt. Men favoritten er NRK-dokumentaren «Leve livet, heile livet» frå 2013. Den gir både trøyst og oppmuntring, meiner dei.

– Eg håpar fleire ungdommar ser dokumentaren, reflekterer og tolkar det ho står for. Det gjer så innmari godt å sjå livsgleda hennar, seier Berit.

Nikka Myren Grønning møter Hairy Bikers

I møtet med «Hairy Bikers» frå BBC, strålte Nikka og imponerte dei to verdskjente kokkane med bakekunsten sin. Dette er eit av favorittinnslaga til Hilde og Berit Elise. Sjå innslaget lenger nede i artikkelen.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Å leve i «hamsterhjulet»

Unge har godt av å bli mint om at livet ikkje treng å vere så fylt av press, stress og jakta på det perfekte, meiner dei to Nikka-beundrarane.

Hilde meiner kontakt med eldre kan vere ei motvekt mot det evige jaget om å kome seg stadig vidare mot store mål med mykje forventingar.

– Vi kan alle ha godt av å sjå at det går an å ha eit godt liv utan utruleg banebrytande ambisjonar og prestasjonar. Om ein føler at fotfeste kan gleppe litt, får ho meg til å tenkje at det enkle er ofte det beste.

Nikka

Nikka har alltid brukt naturens grøde og hagen som spiskammers. Den spesielle kapsen med propell og solcellepanel er super i solsteika.

Foto: Remi sagen/nrk

– Det er unekteleg eit prestasjonsjag med kjas og mas for dei fleste unge. Men trøyst og inspirasjon finn eg i roa rundt kvardagen til Nikka der ho matar småfuglane utanfor kjøkkenvindauget, gler seg over å bake, samlar på små augneblinkar og meiner ho har det betre enn kongen på slottet når ho sit på blåbærtua i skogen, erfarer Berit Elise.

Forlokkande ro

Professor i filosofi Arne Johan Vetlesen ved Universitetet i Oslo trur fleire ting ved måten Nikka står fram på, talar til yngre menneske.

Portrett mann Arne Johan Vetlesen

Eldre menneske frå ei tapt tid kan vere eit korrektiv til alt presset dagens unge står i, meiner Arne Johan Vetlesen som er professor i filosofi.

Foto: Alf Øksdal

– Med tanke på dei store kontrastane mellom før og no, er det kanskje overraskande at kvardagen til ei gammal kvinne frå ein annan epoke, kan vere relevant for unge i vår tid. Kva skal ho kunne bidra med, fortelje og vere eit døme for unge i dag? Men det må vere noko i det enkle livet, verdiane og gledene til Nikka som tiltalar og fasinerer, seier Vetlesen.

Han peikar på at dagens unge skal vere så sjølvgåande, finne ut av eigne verdiar og mål i livet. Dei ber ei psykisk bør om heile tida å skulle endre og forbetre seg, vere den beste utgåva av seg sjølve, samtidig som dei lurer på om dei er gode nok.

– Dei skal vere fleksible, dynamiske og villige til omstilling. Det kan vere utmattande for enkeltmennesket, og kanskje viser kvardagen til Nikka ei forlokkande ro og korrektiv til alt dette, undrar professoren.

I ei flyktig tid der lite eller ingenting står fast, er det mogleg at eldre frå ei tapt tid også kan gi trygg og god rettleiing for unge i notida, konkluderer Arne Johan Vetlesen.

Draumen blir sann

I snart åtte år har dei to venninnene drøymt om å møte Nikka. Og tidleg i påskeveka skjer det. Nikka som flytta til omsorgsbustad i sentrum av bygda for to år sidan, møter dei to med muntre hei, hei bak munnbindet.

Hilde RiksheimTandstad og Berit Elise Emdal fekk møte Nikka Myren Grønning på omsorgsbustaden i Valldal.

Hilde RiksheimTandstad og Berit Elise Emdal fekk eit hjarteleg møte med Nikka Myren Grønning på omsorgsbustaden i Valldal.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Vi får ikkje klemme, og det hersens munnbindet får meg til å likne nissen. Ja, ja, det må vel til, og kyssing driv eg no ikkje likevel, humrar Nikka, og får glad latter tilbake.

Så blir det kaffi og lefser, ein god prat ute i paviljongen til omsorgssenteret. Hilde og Berit Elise er tydeleg bevega over møtet med Nikka.

– Det er berre nokre dagar sidan at du løfta humøret mitt og fekk meg opp på beina, seier Berit Elise.

Nikka Myren Grønning

Nikka Myren Grønning.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Det var no storarta! Det er veldig kjekt og meiningsfylt om eg gir glede til andre. Og at eg attpåtil kan løyse ein draum de har hatt, er veldig fint, kvitterer ei smilande Nikka over kaffikoppen.

Den gamle får gjentatte gongar høyre kor mykje ho med sin veremåte betyr i liva til dei to yngre. Ingen tvil om at dei meiner alvor.

I Valldal er pikniken i paviljongen saman med Nikka over. I det ho som fyller 105 til jul, går mot inngangsdøra, ropar ho til Hilde og Berit Elise at dei må kom att til sommaren.

– Då skal vi ete jordbær og bake lefser i lag!

Bli inspirert av Nikka

Her finn du eit knippe videoar som NRK har vist frå kvardagen til Nikka siste 10 åra. Ho budde heime i kårhuset i Myra til ho var 102. Først på lista er dokumentaren «Leve livet, heile livet» frå TV- serien FOLK i 2013. Fleire er i TV-spelaren til NRK.

Nikoline Nikka Myren Grønning

Norsk dokumentar. Livsglede og verkelyst kjenner ingen alder. 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldalen elskar livet og fyller dagane med mange ulike gjeremål.

Nikke Myren Grønning viser korleis ein skal lage rømmegraut på feitetysdag

Nikka viste korleis ho laga rømmegraut på feitetysdag. Foto: Sissel Brunstad

Snart 99 år gamle Nikka plukker ripsbær fortsatt og lager saft av de.

Då Nikka var 99 år plukka ho framleis ripsbær og laga saft. Foto: Remi Sagen

At ei 95 år gammal bakstekone frå Sunnmøre vert vist på BBC er ikkje kvardagskost. Heller ikkje at det er langhåra motorsyklistar som jaktar på mat frå våre kantar. Vi skal til Valldal på Sunnmøre og møte 95 år gamle Nikka som fekk besøk av TV-kokkane Hairy Bikers.

Nikka var 95 år då ho fekk besøk på kjøkkenet av motorsykkelkokkane til BBC. Foto: Bernt Baltzersen

Nikka og svingen, 11.11.2020.

104 år gammal fekk Nikka som første kvinne, ein sving i turistmagneten Trollstigen kalla opp etter seg. «Nikkasvingen» er ho stolt over.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL