Hopp til innhold

100 år gamle Nikka tar i bruk DAB-radio

100 år gamle Nikka er ikkje den som kvir seg til at FM-nettet for radio snart blir slått av. Ho har alt lært seg å bruke DAB-radioen.

Gamal dame stiller inn Dab-radio

Dab-radioen har fått plassen til gamleradioen på kjøkkenbenken til Nikka. Ho klarer sjølv å finne fram til rette kanalen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

På kjøkkenbenken i kårhuset i Myra i Valldal har Nikka tatt bort den gamle FM-radioen frå den faste plassen på hjørnet, og erstatta han med DAB-radioen ho fekk til 100 års dagen sin.

– Å, det er slik ein fin og god lyd! No slepp eg skurring og knitring. Nei, dette blir bra, smiler Nikka Myren Grønning i Valldal på Sunnmøre.

DAB-radio og FM-radio

Gamal og ny radiotid møtes på kjøkkenbenken til Nikka.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Frå onsdag 8. februar blir alle radiokanalane til NRK sendt som digital radio, i DAB+.

Spanande å lære

Den kvikke 100-åringen tek overgangen frå FM-nett til digital radio med humør og omstillingsevne. Ho har fått god hjelp frå den yngre garde i familien til å bli kjent med innstillingane på nye-radioen og søkje seg fram til kanallista.

– Trykk inn På-knappen, gå til Meny, så til knappen som viser Full Scan, deretter trykkjer du OK, og så leitar han seg fram sjølv, forklarer Nikka.

Straks strøymer distriktsradioen for Møre og Romsdal ut i kjøkkenet hennar.

Elde dame ved kjøkkenbenken

Nikka har alltid radioen på når ho bakar eller har andre gjeremål føre seg på kjøkkenet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det er no kjekt og spennande å lære seg noko nytt! Og skal eg klare å følgje med på det som skjer i verda, lyt eg lære meg dette. Litt hokuspokus er det no i starten, men det må til, er filosofien hennar.

At det er DAB+ radio som må til, har ho også fått med seg.

– Alle DAB-radioar som er å få kjøp no, er av rette slaget, har eg høyrt. Så det er no greitt, kvitrar Nikka og tek plass i den grøne godstolen ved vedomnen.

Det er her ho gjerne koplar av med katten i fanget og radioen ståande på.

100 år gammal dame ved radioen sin.

Det er litt vemodig å seie farvel til radioen ho har brukt i over 25 år, synes Nikka.

Foto: Remi Sagen / NRK

Frå morgon til kveld

Nikka er ein trufast radiolyttar, og radioen står stort sett innstilt på P1. Synet hennar har blitt dårlegare siste tida, og difor vil ho helst ha kanallista ståande på P1.

– Det første eg gjer om morgonen er å slå på radioen, og det siste eg gjer om kvelden er å slå han av. Laurdagskveldane står han på til midnatt for då er det slik ein fin musikk på P1. Gamaldans og hæla i taket, det er saker det, ler ho.

DAB NRK MØre og Romsdal vises i display

Nikka har søkt seg fram til rett stad for å finne sendinga frå NRK Møre og Romsdal

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er beint fram herleg å ligge å høyre på radio, seier ho.

Nikka røper at ho er svak for Vassendgutane, Vamp og andre "svære syngjarar", som ho seier.

– Ikkje all musikk på P1 er like god. Der er no ein del skrammel, med. Men så er det mykje fint også. Og så får eg no høyre om mange som skjer rundt om i fylket. Det er kjekt, slår ho fast.

Aldri åleine

Nikka bur framleis heime i kårhuset på garde, og klarer seg sjølv med det meste. Denne vinteren har det blitt mindre baking enn elles på den driftige bakedama frå Valldalen. Synet set sine begrensingar.

Ho har mange tankar om kor viktig radioen er for den som bur åleine, og meiner det er viktig at også eldre lærer seg å bruke DAB-radio.

100 år qamle Nikka saman med katen Julius

Nikka koser seg ofte i godstolen saman med Julius når ho høyrer radio.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Den som har radioen på kjenner seg aldri åleine. Radioen er fole godt selskap. Utan radioblir det så stilt at du høyrer knappenåla dette i golvet. slik vil eg ikkje ha det, slår ho fast.

Nikka sit i godstolen og klappar katten Julius. Han mel i høge, lange drag medan ho stryk han over ryggen. Ho kikkar på han, og drar konklusjonen:

– Viss vi ikkje klarer å lære oss dette, pus, så lyt vi berre pakke i hop, begge to.