Hopp til innhold

– Slett ikkje den verste sommaren siste 100 år

Ho har opplevd 100 somrar. Og sjølv om sommaren i år har vore både kald og våt er sommaren 2017 slett ikkje den verste, ifølgje Nikka.

Nikka

Nikka har fått seg ny rullator. Og ho er som regel ute og går tur kvar einaste dag. For nokre månader sidan fylte ho 100 år.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

For seks månader sidan fylte Nikka Myren Grønning 100 år. Nikka, som har blitt TV-kjendis, har altså kjent smaken av 100 somrar. Og ho er samd i at sommaren 2017 slett ikkje har vore nokon super-sommar så langt.

– Kald sommar

Nikka har kledt godt på seg. Det er berre ti grader ute, og det er godt å ha genser og eit tjukt skjerf om halsen når ho skal ut.

– Eg har på meg jakke, genser og ullklede, seier ho og skrattar godt.

Nikka er altså eitt hundre og eit halvt år. Ho bur framleis heime, og klarer mykje sjølv. Samstundes har ho god hjelp frå familien som ikkje bur langt unna. Ho får også ein del hjelp frå heimetenestene i Norddal.

– Det snødde då vi hesja

Også i dag har Nikka fyrt i omnen. Slik må ein av og til gjere på Sunnmøre sjølv om det er sommar. Nikka har opplevd mange, mange somrar.

– Dette har ikkje vore den verste sommaren. Det trur eg ikkje. Vi hadde no nokre fine dagar her for litt sidan. Vi måtte leite etter skugge fordi det var så varmt. Men vi har kanskje lett for å gløyme kor fint vi har hatt det.

Nikka kan hugse somrar som har vore langt verre enn sommaren vi er inne i no. Og trass alt: Det har ikkje snøva i låglandet denne sommaren.

– Det har vore somrar der snøbyene har gått mellom fjella. Enkelte gonger har det vore snø i fjellet medan vi har halde på med hesjene. Enkelte somrar var det så kaldt at ungane skreik fordi dei fraus på hendene, minnes Nikka.

Nikka

Ripsbæra er framleis grøn. Men litt sol og varme skal få fart på raudfargen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Snø stoppa sauene

Og ho kan til og med hugse ein sommar det kom så mykje snø at sauene ikkje kom seg til gards.

Vi måtte opp i Rubbane for å få tak i dei. Då hadde dei små lamma lagt seg under greiner og låg der og kura. Men alt i alt greidde dei seg nokså godt. Så denne sommaren her har vi trass alt ikkje sett snøflukser her nede i dalen. Men om du ser opp der så kan du sjå at det har kome noko kvitt oppi fjella, seier ho og peikar høgt opp i dei bratte fjella.

– Hundedagane kan gje finvêr

Men Nikka har ei trøyst til alle som er vêrsjuke. Ho meiner nemleg at det skal gå mot betre tider denne sommaren også.

– Det blir sikkert fint ver når hundedagane set inn. Vi får håpe det blir sol og finver heile tida, seier Nikka, som ikkje let seg stoppe av litt kaldt sommarvêr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL