Hopp til innhold

Nikka (103) er første kvinne som får Trollstigen-sving kalla opp etter seg

Tidlegare Trollstigen-kokk Nikka Myren Grønning fekk onsdag sin eigen sving kalla opp etter seg. I eit større perspektiv handlar det om representasjon, likestilling og demokrati, meiner likestillingsombodet.

Nikka og svingen, 11.11.2020.

Det var ikkje bere enkelt å få sin eigen sving på Trollstigen. Etter over 80 år fekk Nikka sin sving kalla opp etter seg.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Trollstigen har nokre av dei mest kjende svingane i Noreg. Fleire av svingane har fått namn etter dei som bygde vegen på 1930-talet. Til no har det berre vore mannsnamn.

Nikka på snart 104 år snur det heile.

Onsdag fekk ho som var kokke for arbeidarane sin sving kalla opp etter seg.

Då Nikka fekk sjå skilta, som også er eit symbol for alle dei andre kvinnelege kokkene som gjorde ein innsats for Trollstigen, er den første reaksjonen hennar:

– Jøye meg. Dette er kjerringane sine det. Det er heilt utruleg at vi skulle få noko sånt.

Ho beskriv det som veldig stort at kvinnene òg får ei slik påskjønning.

– Det er veldig kjekt at vi blir heidra. Vi jobba vi òg, streva og sprang. Det er utruleg svært, seier ho.

Nikka får svingen sin 11.11.2020

Her avdukar 103-åringen skiltet sjølv.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK
Nikkasvingen etter avduking 11.11.2020.

Det nye skiltet i Nikkasvingen.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen
Nikka ved svingen sin 11.11.2020.

Nikka er snart 104 år, klar i hovudet og med humøret på topp.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK
Nikkasvingen på Trollstigen 11.11.2020

Det er sving nummer åtte, rett ovanfor brua som går over fossen, som Nikka har fått oppkalt etter seg.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK
Nikka ved svingen sin 11.11.2020.

Nikka var kokke for arbeidarane som jobba med vegen 1930-åra.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Eit symbol for kvinner

– Det er megaflott at oldemor får ein sving kalla Nikkasvingen, seier oldebarn Nelia Grønning.

6-åringen seier ho kjem til å hugse denne dagen lenge. Nelias mamma, Nina Grønning, er samd i det dottera seier. At ei kvinne får eit slikt symbol på turistvegen betyr at det ikkje berre er Nikkas dag, meiner ho.

– Det er mange som står og jobbar kvar einaste dag som gjer ein god innsats, og dei kan ta til seg at det går an å få ei påskjønning ein gong i livet. Det treng ikkje å vere ein sving nødvendigvis, men det kan vere ein påskjønning, seier Grønning.

Nikka (103) og hennes oldebarn Nelia (6) ved Nikkasvingen 11.11.2020.

Nikka (103) og oldebarnet Nelia (6) er fornøgde med skiltet som har komme opp på Trollstigen.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK
Fylkesordfører Tove-Lise Torve i Møre og Romsdal ved Nikkasvingen 11.11.2020.

Fylkesordførar Tove-Lise Torve i Møre og Romsdal.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Tove-Lise Torve, vart rørt av avdukinga. Ho meiner det var på tide at ein av svingane fekk namn etter ei kvinne.

– Ho er ikkje kva som helst dame heller, ho er eit symbol på anleggskokkene. Det er ikkje kvar dag ein får vere med på noko sånt, seier fylkesordføraren.

– Viktig i eit større perspektiv

Hanne Inger Bjurstrøm

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Foto: Lise Åserud / NPK

Å heidre kvinner slik har ikkje alltid vore normalen. Ifølgje likestillings- og diskrimineringsombod, Hanne Bjurstrøm, har kvite menn tradisjonelt vore mest synlege i offentlege rom på denne måten.

Ho seier at tida er meir moden for større grad av mangfald. At innsatsen til kvinner i samband med bygginga av Trollstigen blir løfta fram, meiner ho er fint.

– Oppkalling er ein måte å heidre ein person på, og samtidig seie noko om kva slags innsats vi verdset. Då er det jo òg naturleg at ein strebar etter å få til eit mangfald, også i samband med dette, seier Bjurstrøm og legg til:

– Kven gater er kalla opp etter og kven som får statuane sine reist i offentlege rom kan kanskje i kvart enkelt tilfelle verke bagatellmessig. Men sett i eit større perspektiv og over tid, handlar det faktisk om viktige tema som representasjon, likestilling og demokrati.

Nikka får svingen sin.

Nikka synest det var utruleg at ho fekk sjå svingen sin.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK