Hopp til innhold

Her kan du sjå opp igjen dine favoritt Nikka-augneblink

Bakstekona Nikka vart kjend både i inn og utland i løpet av dei 106 åra sine. NRK har laga mange program og innslag om Nikka. Her kan du få eit gjensyn med fleire av dei.

Nikka Myren Grønning

Nikoline Myren Grønning har alltid brukt naturens grøde og hagen som spiskammers. Der har ho også inspirert mange.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Søndag døydde Nikoline Myren Grønning, betre kjent som Nikka. Ho rakk å bli nesten 107 år gammal.

Med den store livsgleda og det gode humøret vart ho eit førebilete for mange. I fjor fekk ho fortenestemedaljen til kongen for den årelange innsatsen sin for å ta vare på Noregs nasjonale bakearv og mattradisjon.

Nikka vart ikkje berre kjent i Noreg. Grønning vart også kjent ut i verda då TV-kokkane Hairy Bikers frå BBC laga program om henne.

I tillegg har ho fått ein eigen sving i Trollstigen kalla opp etter seg, fordi ho var anleggskokke då vegen vart bygd.

Æresgjest under opninga av Nasjonal Turistveg Trollstigen- Geiranger, var snart 96 år gamle Nikka Grønning frå Valldal. Ho var anleggskokke då vegen over Trollstigen blei ferdigstilt i 1936.

Æresgjest under opninga av Nasjonal turistveg Trollstigen-Geiranger, var snart 96 år gamle Nikka Grønning frå Valldal. Ho var anleggskokke då vegen over Trollstigen vart ferdigstilt i 1936.

Gjensyn frå Nikka-arkivet

Nikka laga mykje mat, og rømmegraut var ho glad i. Ho meinte feitt måtte til og at det kanskje var godt for å smørje ledda i kroppen.

Nikke Myren Grønning viser korleis ein skal lage rømmegraut på feitetysdag

Nikka Myren Grønning viser korleis ein skal lage rømmegraut på feitetysdag.

Nikka var også oppteken av å lære vidare tradisjonsmat. Mange tusen har opp gjennom åra vore på kurs heime på kjøkkenet hennar i Valldal. Etter kvart som ho vart kjent lærte ho resten av oss også å lage både sylteflesk og ripsbærsaft.

No i desember har vi fleire gongar vore innom Nikka Myren Grønning i Valldalen. I dag viser den energiske 95 åringen oss korleis ho lagar syltaflesk til jul.

95 år gammal drog Nikka på førjulsmesse for å selje lokal bakkelse.

Mange av oss har funnet årets julegave på de tusenvis av julemessene landet rundt, noen har også sikret seg julekaker. La oss se hvordan det gikk med 95 år gamle Nikka i Valldal da hun dro på førjulsmesse for å selge lokal bakelse. Sted: Valldal, Møre og Romsdal.

Mange av oss har funne årets julegåve på dei tusenvis av julemessene landet rundt, nokon har også sikra seg julekaker. La oss sjå korleis det gjekk med 95 år gamle Nikka i Valldal då ho drog på førjulsmesse for å selje lokal bakkelse. Stad: Valldal, Møre og Romsdal.

Nikka var heile livet oppteke av å jobbe og halde seg i aktivitet. Ho budde heime lenger enn dei fleste. Då Nikka var 97 år vart ho invitert til Trondheim for å inspirere forskarar og helsetoppar til å leggje til rette for at fleire eldre kan bu heime og vere ein ressurs.

Nikkoline Myren Grønning fra Valldal, eller Nikka som vi etter hvert kjenne ho som, blei dinne uka invitert til Trondheim for å inspirere forskera og helsetoppa til å tenke nytt. Snart 97 år gamle Nikka ga dei gode råd om livskvalitet.

Som ein person som var oppteken av å halde tradisjonar ved like stoppa ho også strømper.

De siste tre fredagene fram til jul tar vi turen til Valldal på Sunnmøre for å møte Nikka Myren Grønning. Hun er en av dem som holder fast tradisjoner i vid forstand.
Sted: Valldal, Møre og Romsdal
(Nikka var med i Norge Rundt 10.06.2011 da hun fikk besøk av BBC. 
Tilbudt NV på 2012 fakta 1)

I løpet av eit så langt liv blir det mange høve til å feire. NRK var til stades både då Nikka inviterte til 99 og 100-års dag.

Denne helga har stått i 100 år gamle NIkka Myren Grønning sitt teikn. Den driftige, livsglade dama frå Valldal som elskar å bake, har tatt Noreg med storm gjennom mange reportasjar både på tv, nett og i radio.

Denne helga har stått i 100 år gamle Nikka Myren Grønning sitt teikn. Den driftige, livsglade dama frå Valldal som elskar å bake, har teke Noreg med storm gjennom mange reportasjar både på TV, nett og i radio.

Nikka syntest det var fantastisk å få bli så gammal. Under besøk i barnehagen til oldebarnet fortalde ho om gamle dagar og hadde sjølvsagt med seg flatbakkels.

99 år gamle Nikka i Valldalen er ein gammal kjenning som stadig er på farta. For litt sida drog ho til Liabygda i eit spesielt ærend,og vi var med.

Nikka inviterte frukostgjester heim til seg då ho var 103 år gammal.

Ei kokeplate blir slått på, eggkartong og kaserolle næ, to kvinner htot står ved komfyr, rukllator næ, tot to personar som går ved rullatoren mot eni fjøsbygning, mange rundt eit frukostbord i silokumme, skjenking av kaffe, næ, mat og prat, intervju næ to kvinner, neste bilde utandørs tot, sang og gymnastikk nær og tot med sang og intervju næ kvinne.

Sissel Brunstad laga også ein dokumentar om Nikka. Den kan du sjå her.

Norsk dokumentar. Livsglede og virkelyst kjenner ingen alder. 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldalen elskar livet og fyller dagane med mange ulike gjeremål. Nikka drøymer om å leve til ho blir 110 år.

Norsk dokumentar. Livsglede og verkelyst kjenner ingen alder. 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldalen elskar livet og fyller dagane med mange ulike gjeremål. Nikka drygmeir om å leve til ho blir 110 år.

Her kan du lese alle sakene om Nikka: