Det er folkefest i Valldal sentrum med jubel og flagg når kongeparet er på besøk.
Den eldste på kaia er Nikka Myren Grønning (105). Ho sit fremst i rekka og fekk eit heilt eige møte med kong Harald.
– God dag. Eg er Noregs eldste kvinnfolk, så det er ikkje så mykje å helse på, seier Nikka humoristisk når ho handhelsar på kong Harald.
105-åringen er nok ikkje landets eldste, men det er ingen tvil om at bakstekona som er kjent frå Norge Rundt, er ei av dei som har høgast alder i Noreg.
Grønning blei også kjent ut i verda då TV-kokkane, Hairy Bikers frå BBC, laga program om henne. I tillegg har ho fått ein eigen sving på Trollstigen oppattkalla etter seg, fordi ho var anleggskokke då vegen vart bygt.
Nikka Myren Grønning var heile Noregs bakstekjerring.
Foto: Tore Ellingseter / NRKInviterte kongen
I vår fekk ho kongens fortenestmedalje for sin årelange innsats for å ta vare på Noregs nasjonale bakearv og mattradisjon. Då blei ho samstundes invitert til slottet for å besøke kongen. Den invitasjonen snudde ho på og bad heller dei kongelege kome til Sunnmøre.
– Kongen er sprekare han enn eg. Det hadde vore eineståande om han kom til Valldal, sa ho då.
– Då gjorde vi det då, seier kong Harald, når han går runda for å helse på dei fem som har teke imot Kongens fortenestmedaljar.
Lovprisar vêret
Også Dronning Sonja slo av ein liten prat med Grønning, som har vore ein kløppar på å lage flatebakelse og lefser. I mange tiår har ho halde kurs på sitt eige kjøkken der ho har lært folk å lage tradisjonsbaksten.
I dag er Nikka stolt over at kongeparet fekk oppleve jordbærbygda Valldal bada i sol.
– Det er artig at det blei så fint eit ver, seier 105-åringen. Ho innrømmer at ho var litt nervøs og spent før ho skulle helse på dei kongelege, men ho synest det gjekk fint.
– Det var kjekt. Det gjekk så fort føre seg, seier Nikka Myren Grønning.
Dette er kongeparet sin første fylkestur sidan pandemien starta.
Norsk dokumentar. Livsglede og verkelyst kjenner ingen alder. 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldalen elskar livet og fyller dagane med mange ulike gjeremål. Nikka drøymer om å leve til ho blir 110 år.
Nikka Myren Grønning viser korleis ein skal lage rømmegraut på feitetysdag
Snart 99 år gamle Nikka plukkar ripsbær framleis og lager saft av de.