Hopp til innhold

Usemje om formueskatt

Trygge arbeidsplassar og solide bedrifter, er svært viktig for alle lokalsamfunn. Torsdag kveld vart temaet grundig diskutert i ein industrihall i Kristiansund. Heile debatten kan du sjå her.

Debatt frå Stranda Prolog i Kristiansund

Debatt frå Stranda Prolog i Kristiansund.

Val

Bedrifta Stranda prolog i Kristiansund er ei bedrift i vekst. Dei leverer høgteknologi til oppdrettsnæringa og fiskeriflåten, og gir arbeid til to nye tilsette i snitt – kvar månad.

Torsdag kveld frå 19.30-20.00 sendte NRK Møre og Romsdal direkte frå Stranda prolog, der politikarane som deltek i debatten må svare for kva dei har tenkt å gjere for å legge til rette for eit solid næringsliv og trygge arbeidsplassar i distriktet.

Listetoppar frå Ap, KrF og Høgre diskuterer formueskatt.

Botten (Ap), Reiten (Krf) og Orten (H) diskuterer formueskatt.

Politikarane som deltek i debatten er: Steinar Reiten (KrF), Else-May Botten (Ap), Helge Orten (H), Pål Farstad (V), Jan Steinar Engeli Johansen (Frp) og Yvonne Wold (SV).

Glad for jobb i nærområdet.

Val