Den erfarne Venstre-politikaren Gunn Berit Gjerde, er ei av dei som ikkje jublar over at det søndag ettermiddag blei kjent at partiet hennar går i regjering med Høgre og Framstegspartiet.
Søndag kveld vil ho ikkje svare på om ho er på veg ut av Venstre, slik ei rekkje andre Venstre-politikarar har gjort før henne i vinter.
– Det vil eg ikkje ta stilling til, men for meg blir det vanskeleg å stille i ein ny valkamp og ikkje vere sikker på at eg kan halde det som eg seier, seier Gjerde.
Under valkampen gjorde både Venstre og KrF det klart at dei ønskte ei Høgre/sentrum-regjering der Frp ikkje var med, men no skjer det motsette.
Søndag ettermiddag var også Venstre-leiar Trine Skei Grande t.h. med då statsminister Erna Solberg presenterte den nye regjeringa.
Foto: NRK– Ville sagt nei
Gunn Berit Gjerde har vore fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal sidan 2011 og har tidlegare vore ordførar i sunnmørskommunen Hareid i åtte år. I 2005-2006 møtte ho fast på Stortinget.
Ho har kjempa hardt imot ein slik koalisjon, og meiner framleis at Venstre ikkje har noko i ei slik regjering å gjere. Spesielt skeptisk er ho til innvandringspolitikken og klima- og miljøpolitikken.
– Eg fryktar det kjem ting som det er vanskeleg å stå inne for, og det må ein jo når ein er i regjering, seier Gjerde.
Venstre-leiar Trine Skei Grande sa ja til samarbeid med Høgre og Frp, men fleire medlemmer varslar no at dei melder seg ut av partiet.
Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK– Så dersom var Trine Skei Grande, ville du sagt nei?
– Ja, og det veit Trine Skei Grande godt at eg ville, seier den erfarne Venstre-politikaren.
Her kan du lese heile plattforma til dei tre partia.
Fryktar dårlegare rekruttering
Dei siste fire åra har Venstre vore eitt av støttepartia for Erna Solberg si Høgre/Frp-regjering. Under valkampen gjorde både Venstre og KrF det klart at dei ønskte ei Høgre/sentrum-regjering der Frp ikkje var med.
Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde seier det blir vanskeleg å gå på ein ny valkamp no. Ho er spesielt usamd i integreringspolitikken og klima- og miljøpolitikken til den nye regjeringa.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKMedan KrF har gått i opposisjon, er no Venstre likevel med. Dette er løftebrot, og kan føre til at fleire melder seg ut av paritet, seier Gjerde.
– Ja, det fryktar eg, og eg fryktar også at det kan bli vanskeleg for lokallaga å få folk til styre og lister til neste kommuneval, seier ho.
Les også: