Hopp til innhold

Sunnmøringar startar skatteaksjon

Fellesskapet vil få 18 milliardar mindre i skatteinntekter om desse bedriftseigarane får det som dei vil. – Men Noreg treng ikkje desse pengane, meiner initiativtakaren bak ein ny skatteaksjon.

Knut Flakk under stiftelsesmøtet for Aksjon for Norsk Eierskap

KREV SKATTEENDRING: – Vi kan ikkje ha ei skattlegging i Noreg som er diskriminerande. Det må vere rettferdig slik at alle er med å bidra på same måte, sa Knut Flakk under stiftingsmøtet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Næringslivet på Sunnmøre har starta ein aksjon mot formuesskatt på arbeidande kapital. Arbeidande kapital betyr i praksis pengar som er investert i bedrifter.

Ein av initiativtakarane seier at bedrifta hans betaler meir i skatt enn den har i overskot.

– Vi hadde helst sett at vi ikkje hadde trengt å engasjere oss, men vi har fått skatterekningar som øydelegg bedriftene våre. Vi kan ikkje satse og investere slik vi har gjort tidlegare, seier Knut Flakk, milliardær og leiar av Flakkgruppa.

Meiner skatten fører til fleire utanlandske eigarar

Over 200 personar var samla til kick off for aksjonen på Atlanterhavsparken i Ålesund.

Fleire norske bedriftseigarar meiner det er urettferdig at dei må betale skatt av verdiar som er låst i bygningar, maskiner, produksjonsutstyr og varelager, medan utanlandske eigarar slepp.

– Om dette held fram, blir det ein vriding mot at det blir fleire utanlandske eigarar. Då blir lokalsamfunna skadelidande, seier oppdrettsmilliardær Roger Hofseth, som også er ein av initiativtakarane.

Roger Hofseth og Knut Flakk

Roger Hofseth og Knut Flakk har kalla aksjonen Aksjon for norsk eigarskap.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Han får støtte frå Hilde Midthjell, den første kvinnelege milliardæren i Noreg som har tent pengane sine sjølv. Ho trur det på sikt vil løne seg for myndigheitene å fjerne denne skatten.

– Om ein heller brukar pengane til å investere meir i bedriftene, vil ein få meir selskapsskatt, arbeidsgivaravgift og andre typar skatteinntekter. Det går også an å innføre andre typar skattar som er meir rettferdige, seier ho.

Hilde Midthjell og Helge Orten uner stiftelsesmøte for Aksjon for Norsk Eierskap

Hilde Midthjell snakket med Høgre-politikar Helge Orten under møtet. – Eg trur dei aller fleste som driv bedrifter er opptatt av å bygge dei opp. Dei er ikkje opptatt av å tappe bedriftene for å kjøpe seg yachtar eller liknande, seier ho.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vil ikkje flytte

I år aukar regjeringa skatte- og avgiftstrykket for næringslivet med over 40 milliardar kroner.

Fleire frå dei rikaste familiane i landet har meldt flytting til Sveits dei siste månadane for å sleppe skatteauken.

Flakk og Hofseth vil ikkje flytte. Dei vil i staden jobbe fram mot Stortingsvalet for å endre formuesskatten.

Meiner Noreg ikkje treng pengane

Finansdepartementet har rekna på kva som skjer om formuesskatten på arbeidande kapital blir fjerna. Då vil det bli 6,2 milliardar kroner lågare skatteinntekter til staten, og 12,1 milliardar kroner lågare skatteinntekter til kommunane.

Flakk meiner at Noreg ikkje treng desse pengane.

– Noreg hadde ein ekstrainntekt på 100 milliardar kroner som følge av høge olje- og gassprisar i 2022. Det manglar ikkje pengar.

Applaus undet stiftelesemøtet for Aksjonen for Norsk Eierskap

Under stiftingsmøte blei det samla inn pengar for at aksjonsgruppa skal jobbe med saka fram til valet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ikkje vår prioritering

Det er ikkje arbeids- og inkluderingsministeren frå Arbeidarpartiet einig i.

– Eg respekterer aksjonistane, men eg er usamd i politikken. Spesielt no når vi står ovanfor ei tid der inflasjon påverkar vanleg folk sin økonomi så mykje. Då er ikkje kutt i formuesskatten vår prioritering, seier Marte Mjøs Persen.

Senterpartiet vil redusere skattetrykket

Landsmøtet til Senterpartiet i helga vedtok at dei vil redusere det samla skatte- og avgiftsnivået for norsk næringsliv.

Partiet vil også redusere formuesgrunnlaget for driftsmiddel, altså verdisettinga av maskiner og andre ting bedrifter bruker i si verksemd, når formuesskatten skal reknast ut.

Senterpartipolitikarane frå Møre og Romsdal fekk ikkje fleirtal for forslaget om å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital. Men under stiftelsesmøtet tll Aksjon for norsk eigarskap, gjorde Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) det tydeleg at han ikkje vil gje seg.

– Dette er ikkje gjort over natta.

Jan Ove Tryggestad under stiftelsesmøtet for Aksjon for Norsk Eierskap

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vil ikkje vere del av «Vestlandsopprøret»

Aksjonen mot formuesskatt på arbeidande kapital vil ikkje bli assosiert med det såkalla «Vestlandsopprøret».

– Dette råkar alle privateigde bedrifter rundt omkring i Noreg, ikkje berre på Vestlandet. Alle får ei ekstra skatterekning som følge av denne skatten, seier Flakk.

Knut Flakk under stiftelsesmøtet til Aksjon for norsk eierskap.

– Som følgje av dette har Flakkgruppa sat investeringar for 900 millionar kroner i reiselivet på hald. Dei investeringane ville ha skapt nye arbeidsplassar, auka verdiskaping og aktivitet, seier Knut Flakk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Likevel trer dette inne i rekka av opprør frå landsdelen, og kjem i forlenginga av «kystbrøl», «bunads-geriljaer», og fakkeltog mot lakseskatt.

– Inga grunn til svartmåling

Kommunal- og distriktsministeren seier han vil lytte til gode innspel frå landsdelen og legge til rette for vidare vekst og utvikling på Vestlandet.

Samstundes er det inga grunn til å svartmale utviklinga på vestlandet. Åtte av ti vestlandsbedrifter hadde uendra eller auka omsetning i fjor. Blant bransjane med sterkast vekst var reiseliv, maritim næring og finans, skriv Sigbjørn Gjelsvik i ein e-post til NRK.

Ifølgje Gjelsvik er regjeringa opptatt av mest mogeleg stabile og føreseielege rammevilkår for næringslivet.

Då må ein føre ein politikk som bidreg til å få prisvekst og renteutvikling under kontroll. Nett derfor må vi føre ein ansvarleg og rettferdig økonomisk politikk, der både næringsdrivande og privatpersonar som har rygg til å bere det bidrar noko meir til fellesskapet.