Hopp til innhold

Norsk makrell kan bli utkonkurrert i Japan: – Veldig, veldig alvorleg

Japanarar elskar norsk makrell, men den er i ferd med å bli for dyr. Og politikarane klarer ikkje å bli einige om viktige handelsavtalar.

5060 tonn makrell i timen pumpes fra fiskebåten MS Hargun og inn i fiskemottaket Pelagia Egersund Seafood.

DYR MAKRELL: Makrellen som blir levert og behandla i Noreg er dyrare å selje til Japan enn fisken frå EU.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Vil du kjøpe ein dyr norsk makrell, eller ein litt billegare britisk makrell som er fiska i det same havet?

Det er spørsmålet Japan no tek stilling til når dei handlar makrell.

Grunnen er at EU og Storbritannia har skaffa seg betre handelsavtalar med landet enn kva Noreg har.

For fiskarane langs kysten og dei norske industribedriftene er dette veldig, veldig alvorleg, seier Inger Marie Sperre i fiskeribedrifta Brødrene Sperre AS.

Inger Marie Sperre, dagleg leiar for Brødrene Sperre AS på Ellingsøya i Ålesund. Ho står på kaia ved fiskemottaket, med ei gul refleksjakke. Bak henne ser ein truckar og plastkasser med fisk.

Inger Marie Sperre er dagleg leiar i fiskeribedrifta Brødrene Sperre AS. Dei tek imot over 60.000 tonn makrell i året.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Viktig marknad

Japan er den største marknaden for den vesle stimfisken.

I 2023 eksporterte Noreg makrell dit til ein verdi av over 1.4 milliardar kroner, ifølgje SSB. Ingen andre land importerer like mykje norsk makrell.

Nesten halvparten av all makrell som blir fiska i Noreg går direkte eller indirekte dit, fortel Johan Kvalheim i Noregs sjømatråd.

Japanarane elskar den norske makrellen, rett og slett fordi den er så feit og god. Den gir ein god smak samanlikna med lokalfanga makrell.

Johan Kvalheim, Norges sjømatråd sin utsending i Japan. Han har grålig, kort hår og kvit skjorte med oppbretta ermer. Han sit framfor eit vindauge med kvite gardiner.

Johan Kvalheim er Noregs sjømatråd sin utsending til Japan.

Foto: Norges sjømatråd

Men framover kan det bli mindre norsk makrell på japanarane.

  • I dag må Japan betale 3,9 prosent toll på fisken dei kjøper frå Storbritannia. Desse landa har ei avtale om å fjerne all toll på makrell innan 2033.
  • Japan har i dag 7 prosent toll på heil fisk frå Noreg, og 10 prosent toll på filetar. Og vi har ingen avtale om nulltoll.

Det er svært viktig for Noreg å også kome i gang med å forhandle om ei nulltollavtale, seier Kvalheim.

Vi har ikkje fått verken frihandelsavtale eller tollettelsar på vår makrell. Dermed hamnar vi i eit uføre i forhold til våre konkurrentar.

Ikkje «Mackerel from Norway»

På mottaket til Brødrene Sperre i Ålesund blir pallevis med reker lesst på land no. Men til seinsommaren kjem makrellen for fullt.

For industrien i Noreg er det heilt avgjerande for at vi skal klare å halde den gode posisjonen vi har i Japan, at vi får dei same marknadsvilkåra som konkurrentane våre rundt nordsjøbassenget, seier dagleg leiar Inger Marie Sperre.

Fiskeri-kontroll-22-231022, makrell på båndet til Brødrene Sperre. Fangsten var ikke av god nok kvalitet, og ble avvist. Den endte i stedet som fiskemel.

Store mengder makrell blir levert til Brødrene Sperre på Ellingsøya i løpet av ein sesong.

Foto: Trygve Heide / NRK

Bedrifta er uroa for kva mangelen på handelsavtaler vil bety for salet av makrell til Japan framover.

– Plutseleg er ikkje det «mackerel from Norway» som er fremst i pannebrasken på dei japanske forbrukarane, seier Sperre.

Ho meiner arbeidet med nulltoll burde gå raskare.

Det er klart eg meiner at det burde gå raskare. Og eg meiner kanskje først og fremst at det burde fått fokus for mange år sidan, og at ein burde byrja tidlegare med desse prosessane.

Framleis ingen forhandlingar

Statsminister Jonas Gahr Støre og ein heil gjeng aktørar frå fiskeri- og sjømatbransjen besøkte Japan for eit halvt år sidan.

Også då var målet å kome i gang med ei frihandelsavtale. Dei blei einige om å ha «tettare dialog».

No har norske toppolitikarar igjen vore i Japan for å diskutere tollen på norsk fisk.

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss i Vardø

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss seier dei kjem til å halde fram med å jobbe for Noreg sin posisjon som den føretrekte makrellen i Japan.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss seier det er grunn til å vere bekymra over situasjonen. Men at dei framleis ikkje er i gang med forhandlingar.

Vi har hatt veldig gode møter, blant anna med fiskeri- og havministeren i Japan, kor dette var tema. Eg kan ikkje seie at vi har fått nokon avtale, men vi har i alle fall fått ei einigheit om å fortsette å ha eit godt samarbeid og dialog.

Kvifor er det så vanskeleg å få til ei slik avtale med Japan?

Mitt inntrykk er at ein er redd for at det skal gå ut over dei japanske fiskarane som då vil få auka konkurranse.

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss tek Japan sin fiskeriminister Tetsushi Sakamoto i handa.

Veit du kva Japan sin fiskeriminister heiter? Tetsushi Sakamoto.

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Men Kvalheim i Noregs sjømatråd meiner at styresmaktene i Japan ikkje kan beskytte fiskarane frå konkurransen, så lenge dei ikkje klarer å dekke etterspørselen sjølve.

– Fangstane i japanske fiskeri er på veg ned. Då søker industrien mot Skottland og Noreg. Så vi ser at dei blir tvungne til å kjøpe meir skotsk makrell enn dei eigentleg har lyst til, fordi dei har dei beste og lengste tradisjonane med Noreg.

Han trur likevel ikkje at nulltoll og frihandelsavtalar kjem til å kome på plass med det første.

Nei det trur eg ikkje er nært føreståande.

Les også Norge inngår historisk handelsavtale med India

Norge inngår handelsavtale med India