Hopp til innhold
Molde spillere jubler etter molde seieren mellom Storhamar og Molde.
Foto: Vidar Ruud / NTB

Molde HK Elite

  • Har signert ungarsk spiller

    Ungarske Blanka Kajdon (20) er klar for Håndballjentan til Molde Elite. – Jeg ser veldig fram til å flytte til Norge og bli en del av det spennende laget til Molde. Jeg ser fram til å få brukt mine håndballkvaliteter i den norske ligaen. I tillegg blir det spennende med et nytt miljø og en litt annerledes kultur, sier spilleren ifølge en pressemelding fra Molde Elite.

    Moldetrener Tor Odvar Moen sier dette i pressemeldingen:

    – Dette blir spennende. Blanka er et av de største talentene i ungarsk håndball. Hun har noen helt rå spissferdigheter, spesielt i duellstyrken sin. God begge veier, noe som vil hjelpe oss til å skape overtall. I tillegg har hun et godt overblikk og et rapt skudd.

    Ungarske Blanka Kajdon (20) er klar for Håndballjentan til Molde Elite
    Foto: Molde Elite
  • Ny linjespelar til Molde

    Molde handball Elite har sikra seg ein ny linjespelar. Det er den 24 år gamle Christine Glasø som kjem frå Fjellhammer. Trenar Tor Oddvar Moen seier Glasø er ein fysisk tøff og duellsterk linjespelar, og som han trur kjem til å utvikle seg mykje i eliteserien.

    Moldes nye linjespelar, Christine Glasø. Her i den grøne Fjellhammer-drakta.
    Foto: Pressebilde
  • Har signert ny spelar

    Handballaget Molde Elite har signert den tsjekkiske landslagsspelaren Marketa Sustackova (26). Det skriv klubben i ei pressemelding.

    Sustackova kjem frå spel i den franske ligaen og har signert ei kontrakt for fleire sesongar med Molde.

    – Eg ser fram til ny impulsar og ein litt anna type handball, seier handballspelaren.

    Trenar Tor Odvar Moen fortel at han blei kjent med Sustackova då han var på samling med Tsjekkia i fjor haust.

    – Der fekk eg eit veldig godt inntrykk av henne, både som spelar og person. Ho er ein veldig allsidig høgreback med gode finter, eit godt skot og fint overblikk. I tillegg er ho sterk i forsvarsspelet, seier Moen.

    Den Tsjekkiske landslagsspilleren Marketa Sustackova (26) er klar for Håndballjentan til Molde Elite.
    Foto: Molde Elite
  • Molde Elite ute av sluttspelet

    Molde HK Elite tapte sin andre kvartfinalekamp mot Larvik sundag. Den enda med 33 mål til Larvik og 28 mål til Molde. Då dei spelar best av tre, og Molde tapte også den første, er dei no ute av sluttspelet i ligaen.

  • Molde tapte første kvartfinalekamp

    Molde tapte kvartfinalekampen mot Larvik på knappast mogleg måte. Larvik scora mål nummer 33 omtrent i det sluttsignalet gjekk, og Molde sto att med sine 32 mål.

    Men alt håp er ikkje ute. Denne kvartfinalen blir spelt som «best i tre kampar». Dersom Molde slår Larvik i neste kamp blir det ny kamp igjen i Molde.