Hopp til innhold

Trur Røkke-pengar kan kome godt med heilt til topps

Dei tre Obaidli-systrene er svært glade for at Kjell Inge Røkke har gitt laget 15 millionar. Men seier dei framleis må jobbe hardt på bana.

Sherin, Mona og Anniken Obaidli

Systrene Sherin, Mona og Anniken Obaidli var sentrale under kampen i Molde søndag. Dei gler seg over at klubben har langt meir pengar enn før.

Foto: Roar Strøm / NRK

Søndag sikra Molde Håndballklubb eitt poeng og leiar no eliteserien etter 31-31 mot Oppsal. Tidlegare denne veka blei det kjent at investor Kjell Inge Røkke går inn med 15 millionar kroner i ein tre-års-periode.

Dei tre systrene Obaidli meiner det kan bety svært mykje.

– Det er veldig viktig for klubben, vi er ein klubb som skal opp og fram, så det er veldig viktig å få inn slike sponsorar som han, seier Sherin Obaidli rett etter kampen søndag kveld.

Systra Anniken Obaidli, som også spelar på landslaget, seier pengane gir motivasjon.

– Vi ser at folk rundt bryr seg, og vi set utruleg stor pris på det, det gir oss stor motivasjon til å halde fram, seier ho.

Sherin Obaidli scorar

Eitt av måla som Sherin Obaidli scora i Molde søndag kveld.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Hang med hovudet

Søndag møtte dei Oppsal heime, og kjempa seg til uavgjort 0-0. Det er dei ikkje like fornøgde med, etter to strake sigrar tidlegare i sesongen.

– Det var litt tungt i førsteomgangen, vi var ikkje heilt til stades, vi klarte ikkje å stoppe dei, hadde ikkje nok trykk, hang nok litt med hovudet, seier Anniken Obaidli, som legg til at det gjekk betre etter pause.

Magnus Johansson

Trenar Magnus Johansson vil heller fokusere på resultata på banen, enn på millionane frå Røkke.

Foto: Roar Strøm / NRK

Les også:

Fokuserer på det sportslege

Trenar Magnus Johansson er langt meir oppteken av resultata på bana enn av pengane som Røkke bladde opp nyleg. Han seier han ikkje veit om millionane vil ha nokon effekt på resultata i laget.

Eg har ingen aning, det er dei same jentene eg spelar med, eg ser jo ikkje pengane, det er dei andre som gjer det. Eg arbeider på bana, seier han.

Han har ei klar oppskrift på korleis dei no skal lukkast:

– Vi må spele betre, over tid.

Molde Håndballklubb jublar

Det var eit entusiastisk publikum som følgde Molde Håndballklubb då dei spelte uavgjort i Molde søndag kveld.

Foto: Roar Strøm / NRK