2021 fekk ein annleis start enn det eliteserielaget i Molde hadde håpa på. Etter at tre handballspelarar testa positivt på laurdag, er totalt ni spelarar på handballaget smitta.
Dette er det største smitteutbrotet på eit norsk handballag til no.
No er heile laget og støtteapparatet sett i karantene.
– Det er ille for oss. No har vi fokus på dei som er sjuke, så får handballen vere på sidelina, seier styreleiar Per Gjerde i Molde HK elite.
Mistar truleg tre kampar
Det er ein alvorleg situasjon for laget, seier Per Gjerde, styreleiar i Molde HK elite.
Foto: Roar Strøm / NRKSpelarane blir truleg sjukmelde til veke tre. Dermed blir dei to første kampane garantert utsette. Mest sannsynleg må også kamp nummer tre utsettast. Ifølgje regelverket skal kampar bli utsette når fleire enn åtte spelarar er smitta.
Spelarane drog heim og hadde ordinær juleferie. Den 29., 30. og 31. desember blei dei samla til treningar, skriv rbnett.no. Først på nyåret blei det oppdaga smitte blant spelarane.
Ifølgje styreleiar Per Gjerde kunne ikkje Molde HK Elite ha gjort noko annleis.
– Ikkje slik som eg ser det. Dette med jul og juleferie er likt for alle i Noreg, og eg synest det var viktig for spelarane at dei kan ha juleferie på vanleg måte.
Molde HK Elite veit førebels ikkje kor smitten kom inn i laget frå. Gjerde påpeiker at dei har eit strengt regime i kohorten, som består av spelarar og støtteapparat.
Trongare og trongare å gjennomføre kampane
Assisterande generalsekretær i Norges håndballforbund, Per Eirik Magnussen, seier smitteutbrotet i Molde HK Elite skaper ringverknadar for heile eliteserien.
Foto: Erlend Aas / NTBAssisterande generalsekretær i Norsk håndballforbund, Per Eirik Magnussen, seier det var venta at det kunne oppstå smitte etter jule- og nyttårshelga.
– Dette er ein vanskeleg situasjon for Molde HK Elite. Vi har hatt kontakt med handballklubben undervegs, og etter vårt syn har rutinane vore følgde. Men ein har ingen garanti for å hindre smitte, seier Magnussen.
Molde HK Elite er ikkje det første handballaget på toppnivå som har hatt utbrot av koronasmitte. I september og oktober var seks spelarar på Tertnes smitta og andre lag har hatt enkelttilfelle.
No blir det trongare og trongare å få kampane gjennomførte. Det vil krevje fleksibilitet av alle lag, seier Magnussen.
– Det er eit relativt stort puslespel, men det er fullt mogleg å gjennomføre sesongen. Ei ideell fordeling av kampar blir det nok ikkje nødvendigvis.
Smitten i Molde kommune har auka kraftig, og hittil i år har 29 personar testa positivt for korona. Tysdag fekk Molde kommune 15 nye smitta, dei fleste knytt til handballmiljøet.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK