Sport i Møre og Romsdal

  • – Viktigast med tre poeng

    Molde opna del to av årets eliteserie med ein 2-0-siger heime mot Ranheim. Ein av målscorarane, Erling Knudtzon, meiner laget framleis har ein del å gå på spelemessig, men det viktigaste er å vinne. – Det var godt å kome i gang igjen no etter ein pause. No er vi i gang med del to av sesongen, og då var det viktigaste å starte med tre poeng, seier Knudtzon til NRK.

    Knudtzon
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
  • Nøgd med poengdeling

    Forventingane begynner å bli store til Kristiansund BK etter at laget har vore i svært sterk form denne våren. Likevel sa trenar Christian Michelsen seg godt nøgd med eitt poeng borte mot Mjøndalen i kveld. – Eg er stort sett alltid nøgd med eitt poeng på bortebane i eliteserien. No har vi spelt ni kampar i serie og cup utan å tape. Så det er veldig sterkt. Men vi likna ikkje oss sjølve i første omgang i dag, sa Michelsen til NRK.

    Michelsen
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix