Hopp til innhold

Alle til kvar sin klubb – denne veka møter dei kvarandre som rivalar

Dei tre søstrene starta saman i Molde Handball, men har no gått til kvar sine klubbar. Denne veka byr på to spesielle møter på handballbana.

Mona, Sherin og Anikken Obaidli

Søstrene Mona, Sherin og Anniken Obaidli spelar for høvesvis Nykøbing Falster, Molde og Storhamar.

Foto: Storhamar, Molde, Nykøbing/Falster / Montasje

Denne saka er oppdatert med resultatet frå laurdagens kamp. Les lenger nede for å sjå kva det blei.

To av handballsøstrene har skifta ut den blå moldedrakta og flytta frå romsdalsbyen, til fordel for Hamar og danske Nykøbing Falster.

Men denne veka byr på to spesielle møter på handballbana, då Anniken Obaidli og Storhamar spelar mot begge sine tidlegare lagspelarar.

Det var Anniken som trakk det lengste strået då ho spelte mot storesøster Sherin og Molde onsdag. Laurdag ventar veslesøster Mona i Danmark.

Det var Hamar Arbeiderblad som skreiv om saka først.

2017: Obaidli-søstrene forlenga med Molde Da Obaidli-søstrene forlenga med Molde

Søstrene Obaidli forlenger med Molde HK Elite

– Er det verkeleg mogleg?

At Molde med Sherin i laget og Storhamar med Anniken skulle møtast i kamp låg jo i korta. Begge laga er i øvste divisjon i Noreg, og då blir det jo både heime- og bortekamp på begge, og med nærliggande moglegheit til også å møtast i cupen.

Då var overraskinga større då Storhamar med Anniken Obaidli og Nykøbing Falster med Mona Obaidli på skulle møtest i Europa-oppgjer.

– Eg tenkte først: «Er det verkeleg mogleg?». Men så tenkte eg at eg får jo møte Anniken 2 gonger, så då blei eg eigentleg veldig glad, seier Mona Obaidli til NRK.

Mona Obaidli Nykøbing Falster

Mona Obaidli i kamp for Nykøbing Falster.

Foto: Nykøbing Falster håndbold

– Gler meg til å møte Mona

Også Anniken Obaidli, som spelar for norske Storhamar gler seg til å møte søster Mona i Danmark.

– Å møte Mona i eit heilt nytt lag blir veldig spennande. Og eg gler meg til å komme til heimebana hennar for å sjå korleis ho har det der. Eg veit ho trivst veldig godt i Danmark.

Ho seier ho etter kvart blei vand til å spele mot Molde og Sherin i den heimlege serien.

– Men etter at Mona skifta klubb så føler eg at det har blitt spesielt igjen.

Sherin Obaidli tykkjer også at det er veldig spesielt at dei tre systrene no spelar på kvar sine lag.

– Det var veldig spesielt i starten. Men no byrjar vi å bli van til det. Og det gjev litt ekstra motivasjon, for slike kampar vil vi alle vinne, seier Sherin Obaidli til NRK.

Anniken Obaidli i Storhamar Håndball

Anniken Obaidli i Storhamar handball.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Det gir litt ekstra

Søstrene Obaidli har vore ein stor del av grunnstammen for å bygge opp Molde som eliteklubb. Søstrene vedgår at det har blitt litt intern konkurranse dei i mellom etter at dei hamna på kvar sine lag.

– Det er litt intern konkurranse mellom oss. Så det er viktig å vinne kampane mot søstrene mine, seier Anniken Obaidli.

– Ja, det gir litt ekstra når eg spelar mot søstrene mine. Og samtidig blir eg kanskje litt meir nervøs. Men eg skal gi alt for å vinne denne kampen, slår Nykøbing Falster-spelaren fast.

Også Sherin stadfestar at det er litt intern konkurranse når søstrene møtes. Dagens kamp er ho ikkje delaktig i, men ho følgjer med.

– Dette blir ein spennande kamp blir spennande med mykje fart og duellar. Eg gler meg til å sjå systrene mine i kamp med kvarandre, seier ho.

Oppdatering: Det var Anniken Obaidli og Storhamar som vann kveldens kamp mot søster Mona Obaidli og danske Nykøbing Falster. Resultatet blei til slutt 26–27. Anniken Obaidli blei ein av toppscorarane for Storhamar med fem mål.

Sherin Obaidli i Molde handball

Sherin Obaidli i Molde handball.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Følgjer med på kvarandre

Som søstrer flest følgjer dei tre handballspelarane godt med på karrierane til kvarandre.

– Ja, vi følgjer kvarandre veldig tett. Vi ser kampane til kvarandre i opptak om vi ikkje får sett direkte. Og vi gjev kvarandre tilbakemeldingar og hjelper kvarandre, seier Mona.

– Ja, og vi ringjer kvarandre som oftast etter kamp og høyrer korleis det har gått, seier Anniken.

Slo Molde

Sist Anniken og Storhamar spelte mot Molde og Sherin blei det siger for Storhamar.

– Det var veldig deilig å vinne over Sherin og Molde. Vi vil jo helst vinne alle kampar, og sånn ville nok Sherin også ha følt. Men når vi ikkje møter Molde så håper eg jo alltid at Molde-laget gjer det bra, seier Anniken Obaidli.