Hopp til innhold

– Eg fekk heilt panikk

Handballtalentet Anikken Obaidli (22) er djupt fortvila og framleis knust etter at korsbandet hennar rauk endå ein gong. No risikerer ho å bli verande på sidelinja til 2019.

Handballtalentet Anikken Obaidli (22) er djupt fortvila og framleis knust etter at korsbandet hennar rauk endå ein gong. No risikerer ho å bli verande på sidelinja til 2019.

Stortalentet Anikken Obaidli tek det naturleg nok tungt at ho igjen er ute med langvarig skade.

22-åringen hadde akkurat kjempa seg tilbake etter eit 14 månader langt skademareritt korsbandet rauk igjen under Molde HK Elite sin kamp mot Storhamar på søndag.

Anikken Obaidli debuterte for landslaget som 18-åring og blir sett på som eitt av dei største handballtalenta i Noreg. No kan det hende at ho ikkje får spele handball igjen før i 2019.

– Eg fekk heilt panikk

Anikken Obaidli

Anikken Obaidli er tilbake på handballbana etter at det small under kampen mot Storhamar søndag, men denne gong med krykker.

Foto: Roar Strøm / NRK

Etter opptreninga blei handballstjerna belønna med landslagsplass i sommar, og har imponert for klubben sin i seriestarten. Men ho fekk berre fem kampar for Molde HK Elite før ho igjen måtte finne fram krykkene, og det var ein djupt fortvila Anikken Obaidli som møtte NRK torsdag.


– Det går ikkje så bra no, eigentleg, men det hjelp veldig at eg har mange rundt meg som støttar meg.

Molde-jenta skjønte med éin gong at det var korsbandet som rauk då det small under søndagens kamp. Det same korsbandet som sendte henne på sidelinja for halvanna år sidan.

– Eg fekk heilt panikk, for eg skjønte at no er det eitt år til. Eg skjønte med éin gong at det var korsbandet som rauk.

Gir ikkje opp handballkarrieren

At Obaidli måtte berast ut på båre og risikerer å bli setande på sidelinja til 2019 er eit stort tap for Molde HK Elite. Den enorme støtta ho får fra inn- og utland hjelp stjernespelaren til å halde motet oppe.

22-åringen nektar nemleg å gi opp håndballkarrieren og satsar både på Molde HK Elite og vidare landslagsspel. Men først må ho gjennom ein ny operasjon.

– Det tøffaste er tida det kjem til å ta. Eg må gjennom både operasjon og opptrening. Det blir tøft å halde motivasjonen oppe.

Her går det galt for håndballtalentet.

UHELDIG: Molde-stjerna Anikken Obaidli rauk korsbandet for andre gong på halvanna år under kampen mot Storhamar på søndag. Bildete med løyve frå håndballtv.com.