Hopp til innhold

Bøtlagd for råkøyring til sjukehuset med avkappa finger

Han fekk panikk då kjæresten kutta fingertuppen av seg og råkøyrde mot sjukehuset. Der sto politiet med fartskontroll.

Tingrett

Bilisten fekk køyre vidare, då politiet forsto at kjæresten hadde fått kappa av fingeren. Men bota slepp han ikkje unna.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Fingertuppen som låg på kjøkkenbenken og alt blodet rundt, gjorde at kjæresteparet fekk panikk, står det i dommen frå Sunnmøre tingrett.

Dermed trakka han alt for hardt på gasspedalen, og har no fått ei bot på 10 000 kroner. Han misser også sertifikatet i fem månader.

Kappa av seg fingeren under matlaging

Dei to skulle lage seg mat på laurdagskvelden, men det endte altså med at kjæresten til mannen kutta av seg tuppen av venstre peikefinger.

Dei styrta ut i bilen, og køyrde frå sentrum til Ålesund sjukehus, omlag ti kilometer unna. Men på innfartsvegen sto politiet med fartskontroll. Der blei mannen målt til 128 km/t i 80-sona.

Fekk køyre vidare

I dommen kjem det også fram at paret fekk køyre vidare, trass i den høge farta:

som følge av situasjonen fikk han av politiet kjøre til legevakten for så å returnere til politiet

står det i dommen.

Fryktar konsekvensane på jobb

Ifølgje dommen er det vanskeleg for mannen å klare seg utan førarkortet, sidan han har eit arbeid som gjer at han må køyre ein del. Han kunne i retten difor ikkje svare sikkert på om han no blir oppsagt, men sa at arbeidsgjevaren ville forsøkje å leggje til rette for anna arbeid dei fem månadene han er utan førarkort.

Mannen ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK Møre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL