Hopp til innhold

Miljøvernforbundet melder òg Mattilsynet for «kvalross-drap»

Miljøvernforbundet meiner at Mattilsynet utviste grov uforstand då dei avliva ein kvalross. Dei går no til politiet med saka.

Kvalross i Kristiansund

Undervassfotograf Nils Aukan tok bilde av kvalrossen før og etter avlivinga. Her er kvalrossen under vassoverflata like ved flytebryggja i Dalabukta.

Foto: Nils Aukan

Dermed får politiet nok ei politimelding i hendene, etter at ein kvalross blei avliva i Kristiansund nyttårsaftan ettermiddag.

For førre veke leverte undervassfotograf Nils Aukan si politimelding, mot viltnemnda i Kristiansund og Mattilsynet.

I tillegg følgjer Naturvernforbundet saka tett, og vurderer òg å melde saka.

– Grov miljøkriminalitet

Det var nyttårsaftan at ein ung kvalross la seg til i vasskanten, på ei flytebrygge, i Dalabukta i Kristiansund.

Viltnemnda i Kristiansund meinte dyret var døyande, og i samråd med Mattilsynet blei avgjersla om å avlive det arktiske dyret tatt.

Ørjan Holm. Norges Miljøvernforbund.

Ørjan Holm i Norges Miljøvernforbund omtalar saka som kvalross-drap og miljøkriminalitet.

Foto: Pressebilde.

Dei meinte dyret var så skadd at det ikkje hadde noko framtid.

Mange har reagert. I dag, torsdag, reagerer også Miljøvernforbundet.

– Dette er grov miljøkriminalitet, meiner Ørjan Holm i Norges Miljøvernforbund til NRK.no.

Nektar å tru kvalrossen var skadd

Miljøvernforbundet meiner at ingenting tyda på at dyret var alvorleg skadd, og at dei difor har meldt Mattilsynet til politiet.

Holm har sett både bilde og video av kvalrossen, og nektar å tru at dyret skulle vere i så dårleg forfatning at avliving var naudsynt.

– Vi forstår ikkje kvifor Mattilsynet ikkje kontakta ekspertar for å vurdere det freda dyret. Mattilsynet har jo inga kompetanse her, seier Holm.

Han meiner dei burde ha spurt Polarinstituttet eller Havforskingsinstituttet om råd, då viltnemnda tok kontakt.

Vil setje Mattilsynet på plass

Holm meiner Mattilsynet har brote både viltlova, lova om naturmangfald og forvaltningslova.

Alv Ottar Folkestad på Runde

Naturfagkonsulent Alv Ottar Folkestad har tidlegare uttalt seg svært kritisk om avlivinga.

Foto: Øystein Windstad

No håper han politiet vil ta tak i saka.

– Det er tydeleg at det er behov for å setje Mattilsynet på plass. Dei må innsjå at dei ikkje kan ta avgjerder der dei ikkje har kompetanse.

Mange, både ekspertar og privatpersonar, har uttalt seg i saka tidlegare. Éin av dei mest kunnige er naturfagkonsulent Alv Ottar Folkestad, som har omtalt avlivinga som ei gedigen feilvurdering.

– Etter alt eg har sett og høyrt om denne kvalrossen, så er det ingenting som tilseier at den hadde problem, sa Folkestad til NRK.no.

Sjå TV-saka frå Kristiansund etter at kvalross-avlivinga blei politimeldt i første omgang under:

Ein avliva kvalross skaper strid på Nordmøre. Mattilsynet si avgjerd om å skyte besøket frå Arktis har sett sinna i kok, og no er Mattilsynet meldt til politiet.

Skulle sjå på rutinane

Mattilsynet har sagt til NRK.no at dei ikkje vil uttale seg i breie ordelag medan saka blir etterforska.

Før politimeldingane var derimot den nye distriktssjefen i Mattilsynet Nordmøre, Hans Kristian Gaarden, tydeleg på at dei skulle sjå på rutinane sine.

– Det er naturleg å ta ei runde på dette i etterkant. Vi må evaluere korleis vi skal handtere liknande saker seinare, sa Gaarden 2. januar – same dag som han byrja i jobben.

Holm i Miljøvernforbundet seier at dei går direkte til økokrim med saka. Dei etterforskar miljøkriminalitet i tillegg til økonomisk kriminalitet.

Kvalross i Kristiansund

Denne kvalrossen har det blitt svært så mykje blest rundt. Ein tur til Kristiansund blei skjebnesvanger for det freda dyret. No er natur- og miljøvernarar svært ueinige med viltnemnda og Mattilsynet om kor vidt dyret var døyande.

Foto: Nils Aukan