Hopp til innhold

Kjøpmann vil hjelpe svoltne husdyr

Fleire bønder har meldt seg etter at matbutikken annonserte at dei vil hjelpe i fôrkrisa. Restar av frukt og grønsaker skal bidra til å unngå matmangel for dyra.

Kjøpmann Geir Ove Myrvoll Bjørlo ved Rema 1000 Flisnes

Kjøpmann Geir Ove Myrvoll Bjørlo i Ålesund håper maten dei ikkje får seld i butikken kan komme husdyr som manglar fôr til gode.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi er veldig glade for at vi kan bidra med det vi har til overs, seier kjøpmann Geir Ove Myrvoll Bjørlo, som stolt viser fram fruktavdelinga i butikken sin.

Her blir berre det beste seld, for frukt som ikkje er god nok kvalitet på blir kasta. At frukta hamna i søppelet meinte kjøpmannen var for gale, samtidig som den varme og tørre sommaren har ført til fôrmangel for dyra i mange delar av landet.

– Vi har restar av frukt og grønsaker og ferskvarer som vi ikkje får selt nedprisa. Vi vil prøve å gi det vekk i staden for å kaste det.

Stor respons

Frukt og grønt ved Rema 1000 Flisnes

Denne frukta skal ut til kundane, men frukta som ikkje er salbar kan no hamne i magen på dyr som manglar fôr på grunn av tørken.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Butikken har tidlegare gitt vekk noko av restane til ein lokal bonde, men no såg kjøpmannen ved Rema 1000 Flisneset i Ålesund at fleire treng hjelp. Onsdag morgon annonserte han matbidraget på Facebook og mange bønder har meldt si interesse.

– Responsen har vore enorm i heile dag og det er vi veldig glade for, seier kjøpmann Geir Ove Myrvoll Bjørlo med eit smil.

– Trur du det kan hjelpe i ei krise med fôrmangel?

– Ja, om alle bidreg litt slik som oss, så kan det mette mange. Eg håper fleire vil hive seg med.

Les også:

– Det vil nok ikkje redde alt

Tørken har ført til store utfordringar for mange bønder, og dei fortvilar over matmangel til dyra. Norsk landbruk er inne i si verste tørkekrise sidan 1947, og mange bønder vurderer no å slakte ned buskapen sin fordi dei fryktar at det blir matmangel til vinteren.

Mange gardsbruk i Sør-Noreg har teke imot fôr frå gardbrukarar lenger nord i landet, og bondelag har oppmoda grunneigarar med uslått mark til å kontakte bønder med behov for fôr.

Tørken i Sør-Norge gir lite mindre og dårligere fôr til dyra

Tørken gir lite fôr til dyra.

Foto: NRK

No håper kjøpmann Geir Ove Myrvoll Bjørlo at også deira bidrag kan hjelpe litt.

– Vi har følgd med på at varmen og tørken kan gjere at det blir knapt med fôr, og håper matrestane vil vere eit godt bidrag. Det vil nok ikkje redde alt, men om vi kan bidra litt lokalt så er vi veldig glade for det.

Avdelingssjef Miriam Knutsen, som har ansvaret for frukt og grønsaker i butikken er også glad for å bidra.

– Vi er veldig glade for at vi kan ha samarbeid med bønder og at maten kan bli brukt i staden for å hamne i søpla, seier Knutsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL