Hopp til innhold
Mann i 20-årene ble utsatt for vold i Volda sentrum natt til lørdag.
Foto: Jonathan Gaathaug Nilsen

Mann slått i ansiktet i Volda

  • Tiltalt for grov kroppsskade

    I dag startar rettssaka mot ein mann i 30-åra etter ein valdsepisode i Volda i fjor haust. Mannen er tiltalt for grov kroppsskade og saka har ei strafferamme på over seks år. Ein mann i 20-åra fekk alvorlege skader etter å ha blitt slått i hovudet og falt bakover, slik at han slo hovudet i bakken. Mannen blei sendt til Haukeland sjukehus i Bergen for behandling og låg i ei periode i kunstig koma. Det er sett av ein dag til saka.

    Vold i Volda. En person ble slått i hodet og fraktet til Haukeland sykehus.
    Foto: Jonathan Gaathaug Nilsen
  • – Står bra til

    Politiet opplyser at situasjonen skal vere stabil for mannen i 20-åra som blei utsett for ei valdshending i Volda natt til laurdag. – Dei siste opplysningane vi har er at det etter tilhøva no står bra til med den unge mannen, seier politiinspektør Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt. Mannen blei frakta til Haukeland sjukehus i Bergen for behandling av hovudskadar etter valden.

  • Etterforskar saka

    Politiet held fram med etterforskinga etter ein valdsepisode i Volda natt til laurdag. Ein mann i 20-åra blei sendt til Haukeland sjukehus etter å ha blitt slått i ansiktet og ein mann i 30-åra er sikta for forholdet. Den sikta sit ikkje lenger i arresten, då politiet ikkje meiner det er fare for at bevis vil gå tapt. Det blei gjennomført avhøyr av vitne og kriminaltekniske undersøkingar i helga. Saka vil bli etterforska vidare, opplyser politiet.