Hopp til innhold

Fanga romantisk augneblink på film

Hekkesesongen er i gang for fullt på Noregs sørlegaste fuglefjell. Midt mellom eit tusentals flaksande fuglar fekk fotografen auge på noko heilt spesielt.

FLØRTING: Hallstein Velsvik har fleire gonger vore på Runde for å ta bilde av lundefuglar. Denne gongen blei han vitne til ein spesiell augneblink mellom eitt av para.

Ytst i havgapet i Herøy på Sunnmøre ligg fugleøya Runde. I tida mellom april og august er det hekking og fleire tusen lundefuglar her. Det får også mange skodelystne til å ta turen dit.

Hallstein Velsvik

Hallstein Velsvik er ein av mange fotografar som besøker Runde for å ta bilde av lundefuglane der.

Foto: Privat

– Lundefuglen er artig og fargerik, og ein kjem i godt humør av eit par timar i selskap med den, fortel Hallstein Velsvik. Han har fleire gongar tidlegare vore på Runde for å ta bilde av fuglane.

Nyleg oppdaga han to lundefuglar som flaksa med vingane og gnikka nebba mot kvarandre, og trykte raskt på videoknappen.

– Først då eg kom heim såg eg kor vakkert samspelet og bevegelsane mellom desse to var, fortel fotografen.

Og lundefuglen er spesiell på fleire måtar.

Har éin partnar ut livet

Denne kurtisen, eller flørtinga, som Velsvik fanga på film skjer fleire gonger gjennom hekketida og blir sett på som viktig for å styrke parforholdet.

Lundefugl på Runde.

I lundefuglkolonien på Runde er det ikkje noko som heiter utruskap. Fuglane flørtar med kvarandre med å slå nebba saman og bevege på hovuda.

Foto: Hallstein Velsvik

Ein lundefugl er ute på havet mesteparten av livet, men kvart år kjem dei tilbake til land for å legge eitt egg.

Dei er monogame, som betyr at dei i utgangspunktet held seg til same partnar livet ut. Dette er vanleg blant fugleartar som lev lenge. Når så lunden kan bli opp mot 30 til 40 år, kombinert med låg dødelegheit, fører det til lange forhold.

– Det er eit langt forhold for mange. Vi feirar ofte lenge før det, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad lattermild.

Både romantisk og praktisk

Folkestad har følgt utviklinga på fuglefjellet gjennom fleire tiår. Han seier at forholdet er like mykje praktisk som romantisk.

Alv Ottar Folkestad

Ornitolog Alv Ottar Folkestad seier lundefuglar har fleire fordelar av å halde seg til same partnar heile livet.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det ein stor fordel at dei kjenner kvarandre frå år til år. Når dei kjem tilbake til kolonien har dei avgrensa med tid til å legge egg. Då er det eit pluss at dei både er samkøyrde som partnarar og at dei kjenner beiteområda godt.

Også reirbygging er ein viktig del av parforholdet. Lundefuglen returnerer til same reir kvart år.

– Tilknytinga til reirplassen ser nesten ut til å vere sterkare enn til partnaren, seier Folkestad.

Gode utsikter for lundefuglbestanden på Runde

På midten av 1960-talet var det eit yrande dyreliv på Runde. Då var det store koloniar av dei rundt 70 forskjellige artane som hekka der. På det meste var det rundt 100.000 lundepar på øya. Men også denne bestanden har blitt kraftig redusert.

Ingar Støyle Bringsvor med lundeunge

Fugleobservatør Ingar Støyle Bringsvor har dei siste åra følgt fuglebestanden på Runde.

Foto: Arild Hareide

– Teljingane no viser at det er rundt 25-30.000 par igjen. Det er framleis ein del, men lite i forhold til kva det var, seier fugleobservatør Ingar Støyle Bringsvor.

Men det er lysteikn. Tilgangen på fisk i havet rundt Runde har vore bra dei siste åra. Det er positivt for fugleartane som hekkar på øya, også lundefuglen. Eit prosjekt for å fjerne mink i området har også gitt betre vilkår for fuglane.

Dei neste dagane og vekene er det egglegging og ruging som står i fokus. Bringsvor vektlegg at det framleis er for tidleg i sesongen til å konkludere, men at pila no ser ut til å peike oppover.

– Det var full aktivitet og sverming i fjellet allereie 15. mars, noko som betyr at fuglane må vere i godt hold og samtidig ha god tilgang på mat. På slutten av sesongen i fjor var det svært god sverming. Om det held fram så blir det forhåpentlegvis eit godt år, seier Bringsvor.

– Vi har ikkje fasiten før sesongen er over, men aktiviteten så langt lovar godt. Eg håper det blir eit knallår. Det treng lundefuglane no, etter alt for mange magre år dei siste 20 åra.