Hopp til innhold

Dette kan bli minkens verste fiende

Mink er ein av dei største trugslane mot hekkande fugl langs kysten. På fugleøya Runde har Statens naturoppsyn tatt i bruk heilt nye metodar for å fange det uønskte rovdyret.

Alv Ottar Folkestad tømmer minkefelle på Runde.

FANGST: Ornitolog Alv Ottar Folkestad tømmer minkefelle med elektronisk varsling på Runde.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Alarmen gjekk i mai. Mink var observert i Lundeura i fuglefjellet på Runde på Sunnmøre. Den sårbare lundefuglen var midt i hekkinga. Ein mink kan rasere ein fuglekoloni på kort tid. Det hasta.

Lundefugl på Runde

Lundefugl på Runde på veg til ungane med mat.

Foto: Ingar Støyle Bringsvor

– Gode råd var dyre. Det var mykje fugl i området, så vi reiste til Runde og sette ut fem fellekasser med elektronisk varsling, fortel Olav Inge Edvardsen i Statens naturoppsyn.

Får beskjed på SMS

Og det er den elektroniske varslinga som kan revolusjonere fangstinga av mink i utvalde verneområde. No får Statens naturoppsyn beskjed via SMS med ein gong det går eit dyr i fella. Minken høyrer ikkje heime i norsk fauna, men blei innført med pelsoppdrett for om lag 90 år sidan.

Minkfelle varsel

Med det same minken går i fella, får Statens naturoppsyn beskjed.

Foto: Skjermdump

– Dette er første gang vi har prøvd den nye teknologien her i landet – kanskje i verda til og med. Det er svært effektivt. Vi slepp å gå og køyre milevis – igjen og igjen – for å røkte feller som viser seg å vere tomme, seier han.

Dersom det går ein mink i fella, kan dei no rykke ut umiddelbart. Dermed slepp dei at fella står inaktiv over fleire dagar.

Olav Inge Edvardsen og hunden Lukas

Olav Inge Edvardsen og hunden Lukas på minkejakt. No kan fellene ta over mykje av det hundane gjorde før.

Foto: Privat

Edvardsen har i årevis kjempa det nitide arbeidet mot minken i fleire verneområde for hekkande sjøfugl her i landet - saman med ein handfull kollegaer. Han er svært optimistisk etter å ha testa ut det nye varslingssystemet sidan mai.

– Vi har tatt fire mink på Runde, og vi er rimeleg sikre på at dette er dei fire som var i Lundeura. No vil vi utvide prosjektet til heile året, og sette ut feller fleire stader på fugleøya, seier han.

Drep så lenge det er noko levande

Ornitolog Alv Ottar Folkestad har forska på fuglen på Runde i over 50 år. Han er ein av dei som kan rykke ut når det går mink i fella. No treng det ikkje lenger bli så mange bomturar opp til fjellet og ned i den stupbratte ura, sidan fella sjølv gir beskjed når det er fangst.

Alv Ottar Folkestad

Umiddelbart etter at fella er tømt - blir den spent klar til ny fangst.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Minken er ikkje tilpassa å leve saman med kolonihekkarar. Han har det i seg at så lenge det er tilgang på bytte, så bit han i hel og samlar i haugar. Dermed kan han gjere veldig mykje skade på kort tid, seier han.

Dermed er den nye fangstmetoden svært godt nytt for hekkande sjøfugl. Olav Inge Edvardsen i Statens naturoppsyn har også stor tru på at dette blir nyttig i fleire andre område der mink har spreidd seg frå minkefarmar.

– På ei øy som Smøla, til dømes, trur eg vi no kan utrydde minken heilt. Den dagen vi tek den siste hoa, er det slutt. For dersom det skal kome ny mink til den øya, må dei symje fem kilometer i svært sterk straum, og det er dei ikkje i stand til, seier han.