Hopp til innhold

Musa som ville målbinde katten

Johan Kristian Grøtte trudde nesten ikkje sine eigne auge då han fekk oppleve den spente kampen om liv og død.

Katt og mus i diskusjon

To minutt før eller seinare så hadde eg gått glipp av det, seier hobbyfotograf Johan Kristian Grøtte om bilda han tok av det alvorlege møtet mellom ein katt og ei mus. – Det såg nesten ut som om musa heldt ein liten kvit blomster og bad om nåde.

Foto: Johan Kristian Grøtte

Den ivrige hobbyfotografen var ute på køyretur på Frei utanfor Kristiansund. I passasjersete låg kameraet som han alltid har med seg. Det skulle vise seg å bli gull verdt denne vårdagen.

Plutseleg såg han ein katt i grøftekanten som vekte interessa hans. Han stoppa bilen og gjekk ut for å sjå. Der kom han over ein katt og ei mus i det som kan sjå ut som ein alvorleg samtale. Grøtte sette seg forsiktig ned på kne eit lite stykke frå dei to. Med kameraet klart følgde han den dramatiske situasjonen nøye. Så fekk han knipsa nokre raske blinkskot.

– Det såg nesten ut som om musa heldt ein liten kvit blomster og bad om nåde.

Johan Kristian Grøtte

Rett tid til rett stad

Katt og mus i diskusjon

Dette bildet viser at katten vurderer å pirke borti musa med labben, men er usikker på om den skal gjere det, seier Bjarne O. Braastad, professor i etologi.

Foto: Johan Kristian Grøtte

Grøtte fortel at det var ganske spesielt å vere vitne til seansen, og seier bilda var eit lykketreff.

– Eg var på rett stad til rett tid. To minutt før eller seinare så hadde eg gått glipp av det.

Så, på eitt par minutt, var det heile over.

– Det hjelpte ikkje å be om nåde, alt gjekk ganske fort. Plutseleg glefste katten til og tok musa, seier Grøtte.

– Ein forsvarsposisjon

Bjarne O. Braastad er katteekspert og professor i etologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Han har sett på bilda, og seier at situasjonen ikkje er uvanleg.

Bjarne O. Braastad

Bjarne O. Braastad seier at situasjonen ein ser på bilda ikkje er uvanleg.

Foto: Audun Braastad

– Det kan sjå ut som ein «samtale», men musa viser ein forsvarsposisjon for å prøve å unngå at katten angrip.

Han forklarer vidare at open munn ikkje er prat, men viser at musa er klar til å bite katten om den skulle angripe. Kanskje lagar den også lydar for å prøve å skremme vekk katten, seier Braastad og vektlegg at ein slik forsvarsposisjon ikkje alltid vil hjelpe, men kan auke sjansen for at predatoren mistar interessa.

– Då blir katten usikker på om den skal angripe musa. Kattar angrip lettast byttedyr som bevegar seg og vil naturleg ha kasta seg over musa dersom den hadde prøvd å kome seg unna, seier Braastad.

– Folk trur nesten ikkje på det

Hobbyfotografen har fått mange tilbakemeldingar etter at han fanga den spesielle augeblinken på film.

– Folk trur nesten ikkje på det. Nokre har også lurt på om det er klipp og lim, men det er det ikkje. Det einaste eg har gjort er å justere litt på lysforholda på bilda.

No har Grøtte bestilt eit trykk av det eine bildet. Det skal han henge på veggen heime.

– Dette er ein del av det som skjer i naturen, men som mange av oss aldri får sjå. Det var spennande å få oppleve det.