Hopp til innhold

Matheo (12) jaktar fuglar med kamera – har tatt fleire hundre bilete

Han er berre 12 år gammal, men Matheo Landsverk har knipsa fleire fuglebilete enn dei fleste på sin alder.

IMG_0233

TIDLEG KRØKA: Allereie som 8-åring starta Matheo Landsverk å fotografere fuglar.

Foto: Roald Marker / NRK

– Husk å ta med denne linsa. Sjekk også at du har fullt batteri og kort i kameraet.

Aleksander Landsverk kjem med nokre klare, vennlege råd til sonen Matheo.

I fire år har 12-åringen hengt i hælane på faren i skog og mark. Dei går ikkje av vegen for å reise helt til Utsira, Herdla eller andre stader der dei kan finne nye artar.

Fuglefotografer Aleksander Landsverk og Matheo Landsverk

Aleksander og Theo Landsverk stortrivst saman i skog og mark.

Foto: Roald Marker / NRK

Fotoskjul i skogen

Når NRK kjem på besøk heime på Akkerhaugen, står veskene klare med kamera og kraftige telelinser.

Ute er lauvet blitt grønt og sola skin. Oppe i trea kvitrar det.

Far og son er på veg opp til eit fotoskjul i skogen. Der har Matheo tatt mange blinkskot.

Bileta blir lagt inn i Artsdatabanken. Ingen på Matheos alder har registrert så mange artar som han.

Dompap

Denne dompapen er éin av dei over 300 fuglane Matheo til no har registrert i Artsdatabanken.

Foto: Matheo Landsverk

– Eg har ikkje lagt inn alle artane han har tatt bilete av, men han er nå registrert med 303 forskjellige fuglar, seier pappa Aleksander.

Det er han som har registrert og lagt inn bileta som er merka med stad, dato og fugleart.

Ordtaket om eplet som ikkje fell så langt frå stammen stemmer usedvanleg bra i dette tilfellet. Matheo har fått interessa for fuglefoto frå både faren og bestefaren.

Her kan du sjå fleire av Matheo sine blinkskot:

Linerle

Linerle.

Foto: Marheo Landsverk
Gransanger

Gransanger.

Foto: Matheo Landsverk
Toppmeis

Toppmeis.

Foto: Matheo Landsverk
Amerikastorlom

Amerikastorlom.

Foto: Matheo Landsverk
Gråflankefluesnapper

Gråflankefluesnapper.

Foto: Matheo Landsverk

Blinkskot av blåmeis

Ute i fotoskjulet er det mange fuglar du kan høyre, men få du kan sjå. Dei fleste fuglar vaktar reiret og rugar på egga på denne tida av året.

Matheo har likevel mange bilete å vise fram. Gulsporv, spettmeis, dompap og flaggspett. Men eitt skil seg spesielt ut.

Ein blåmeis på ei grein i det den skal til å fly. Lett framoverbøygd, vengene halvt spent ut og sola midt imot. Aldri har ein blåmeis vore blåare.

Blåmeis

Dette bilete av blåmeis er Matheo med rette mektig stolt av.

Foto: Matheo Landsverk

– Eg kjenner til alle fuglearter som hekkar i Noreg. Det er om lag 250 ulike artar, seier Aleksander, som også har kjennskap til ein del utanlandske.

– Eg kjenne berre 30-40, sjølv om eg veit korleis dei fleste ser ut, skyt Matheo inn.

Får «fuglevarsel» på mobilen

Skal du opp på pappas nivå?

– Betre!

– Kven veit, det kan jo hende det, ler Landsverk senior.

Nøtteskrike

Denne nøtteskrika blei raskt fanga opp av Matheo si telelinse.

Foto: Matheo Landsverk

«Smeller det ei bombe», hiver dei seg i bilen og køyrer langt. Viser det seg å bli behov for å sove i bilen, gjer dei det.

– Ei «bombe» er eit varsel på mobiltelefonen frå andre fuglefotografar. Det betyr at det er observert ein bokstaveleg talt «framand fugl» ein eller annan stad, gjerne langs kysten, seier Aleksander.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Trafikkulykke ved Langangen i Porsgrunn

Trafikkulykke i Porsgrunn – fire kilometer lang kø

Gjerdet i Storebuktveien i Færder stenger for fri ferdsel.

Gjerdet i strandsonen er forsøkt fjernet i flere år: Hytteeier tapte i retten