Hopp til innhold

Meiner utfallet i gruppevaldtektssaka kan skape frykt for å melde valdtekter

Tre menn blei frifunne i saka om gruppevaldtekt i Bergen. Professor i kriminologi trur merksemda saka har fått kan skape frykt for å melde om valdtekter.

Plakat av navn på de overgrepstiltalte i Hordaland tingrett hengt opp i Bergen

EKSPONERT: Den såkalla gruppevaldtektssaka har skapt kaos både i rettssalen, i sosiale medium og i gatene i Bergen. Årsaka er mellom anna at namna på dei involverte er blitt lekte.

Foto: Privat

Det kan hende merksemda og avgjersla verkar avskrekkande, og at personar ikkje får lyst til å melde fordi dei er redde for å hamne i denne situasjonen, seier May-Len Skilbrei som er professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo.

Etter det vart kjent at tre menn blei frifunne for gruppevaldtekt har saka mellom anna fått mykje merksemd på sosiale medium. Også fleire influensarar har engasjert seg.

Fleire spør seg korleis dei tiltalte kunne bli frikjende.

valdtekt-some
valdtekt-some
valdtekt-some
valdtekt-some
Bildet viser en kvinne med morsk hår som ser inn i kamera. Hun har på seg en sort genser og en grå jakke. I bakgrunnen er det hyller fulle av bøker.

Professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo, May-Len Skilbrei forskar på valdtekt.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Skilbrei seier saka ikkje er uvanleg, men fordi ho har fått mykje merksemd, kan utfallet i saka påverke folk sine handlingar.

Som til dømes å vere redd for å melde i frykt for eksponering.

Også at dei som vurderer å melde saka tenker at saka ikkje vil ende i dom, seier ho.

Trur det blir vanskeleg for offer

Undervegs i rettssaka filma ein mann i retten og publiserte videoen på sosiale medium, og ein av dei tiltalte valde også å legge ut bilete der han omtalte saka.

Saka har før også nærast gått viralt i sosiale medium.

På biblioteket på Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen er saka noko jusstudentane snakkar mykje om.

– Eg er redd ein føler at rettssystemet sviktar deg, og at rettssystemet ikkje er der for deg når du har opplevd noko så grufullt som det valdtekt faktisk er, seier Oliver Bogstrand som studerer jus på andre året.

I ettertid av dommen har Bergens Tidende publisert ein kommentar på at frifinninga vil skremme fleire for å melde valdtekt til politiet.

Det er også noko jusstudent Thomas Helgaland meiner.

– Eg trur kanskje det kan vere vanskelegare for enkelte offer å stå fram, seier han.

Jusstudentane Oliver Bogstrand, Ingeborg Stigen Drangsholt og Thomas Helgaland.

Jusstudentane Oliver Bogstrand, Ingeborg Stigen Drangsholt og Thomas Helgaland har snakka mykje om saka.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Les også Tre menn frifunnet i gruppevoldtektssaken i Bergen

Maria Hessen Jakobsen, forsvarer 24-åringen i gruppevoldtektssaken i Hordaland tingrett

Frikjende, men får erstatningsansvar

I dommen understrekar lagmannsretten at spørsmålet ikkje er om retten trur på den fornærma eller ikkje. Forklaringane til dei tiltalte og fornærma har ifølge dommen vore dei mest sentrale bevisa i saka.

To av dei frikjende mennene blir dømde til å betale erstatning til fornærma.

Skilbrei seier utfallet i dommen betyr at retten meiner forklaringane frå begge sider er like truverdige, men at dei er i motsetning til kvarandre. Då dette er ei straffesak, kjem dette den tiltalte til gode, og mennene blir frifunne.

Beviskravet er lågare for erstatningskrav enn for straff. Difor kan også frikjende bli dømde til å betale erstatning.

– Retten må vere veldig overtydd for å dømme nokon til straff, men dei treng ikkje vere like overtydde for å dømme til erstatning, seier Skilbrei.

– Forsøk på å balansere

Jørn Jacobsen er professor i strafferett ved Universitetet i Bergen.

Han meiner denne saka går inn i ein større og meir langsiktig diskusjon om seksuelle krenkingar som eit alvorleg samfunnsproblem og det som følgjer med i rettsapparatet.

Jørn Jacobsen, professor jus UiB

Jørn Jacobsen, som er professor i strafferett ved Universitetet i Bergen, meiner at merksemda denne saka har fått gjer at ho blir ei av mange som vil bli verande ein del av diskusjonen framover.

Foto: Universitetet i Bergen

Han viser til at det ofte er vanskeleg å vurdere bevisa i valdtektssaker, og seier erstatningsansvar i slike saker er noko som har vore omdiskutert.

– På den eine sida kan du seie at dei sender signal om at ein mistenker straffeskuld, men samtidig frifinn. På den andre sida kan ei slik ordning ha gode grunnar: For alternativet er å både frifinne og nekte offeret erstatning, sjølv om det er klart sannsynleg at offeret er utsett for eit overgrep.

– Det er eit forsøk på å balansere ulike omsyn og så kan ein sjølvsagt diskutera om det er den beste løysinga.

Demonstrasjon i Bergen

Torsdag denne veka er det planlagt ein demonstrasjon i Bergen for personar som vil vise støtte til valdtektsoffer.

Ein av initiativtakarane, Karoline Loddengaard, understrekar at demonstrasjonen ikkje skjer på grunn av frifinninga i denne saka, men på grunn av den utviklinga ho og fleire meiner dei har sett i samfunnet.

Utviklinga ho snakkar om er nettopp det at ein ser at valdtektsoffer ikkje melder sakene sine til politiet fordi dei er redde for å ikkje bli trudde.

Karoline Loddengaard

Karoline Loddengaard er ein av initiativtakarane til demostrasjonen som går føre seg i Bergen denne veka.

Foto: Privat

– På sosiale medium har me sett at mange har gitt uttrykk for at dei ønskjer at noko skal skje. Nokon må ta tak og gi beskjed om at den utviklinga me ser i samfunnet ikkje er bra, seier ho.

– I mediehysteri og kommentarfelt og slikt, så gløymer me det som det faktisk handlar om: at menneske får liva sine øydelagte og deretter opplever å ikkje bli trudde.