Hopp til innhold
«Eemslift Hendrika» blir slept inn til Ålesund
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Lasteskipet «Eemslift Hendrika»

Oppsummert

Det nederlandske lastefartøyet «Eemslift Hendrika» sendte ut naudmelding 2. påskedag. Lasteskipet fraktar mellom anna båtar. 8.april la skipet til kai i Ålesund.

  • Rapport om «Eemslift Hendrika»

    Dutch Safety Board har gått gjennom kva som gjekk gale då «Eemslift Hendrika» fekk motorstopp og mista mykje av lasta på dekk utanfor Stad. Det skriv Sunnmørsposten. Havariet skjedde i april i fjor. Mannskapet blei evakuert og det nederlandske lasteskipet dreiv mot land med kraftig slagside etter at last under dekk hadde slått hol på to ballasttankar. Avløysarkapteinen som gjekk på i Rotterdam hadde ikkje sjekka sikringa av lasta under dekk, slår rapporten fast. Då skipet gjekk vidare mot Noreg rådde reiarlaget om å ta om bord norsk los – og gå innanskjærs – på grunn av vêret. Men ifølgje rapporten skal avløysarkapteinen ha frykta at å ta om bord los ville føre til mykje papirarbeid. Dermed valde kapteinen ei rute i ope hav, trass dårlege vêrmeldingar, skriv avisa.

  • Skade på ballasttankar

    Trustarar som blei forskjøve førte til skadar og punkterting på to ballasttankar om bord i Eemslift Hendrika, som havarerte på Stadhavet 5.april. Det gjorde at vatn kom inn i lasterommet, viser kontrollar Sjøfartsdirektoratet gjorde etter at lasteskipet blei ført til Ålesund, skriv smp.no. No blir det opp til styresmaktene i Nederland å granske hendinga nærare.

    Truster forårsaket hull i ballasttank innvendig på det nederlandske lastefartøyet «Eemslift Hendrika»
  • Thrusterne er i Ulsteinvik

    De seks thrusterne som var om bord i Eemslift Hendrika, har nå kommet til dit de skulle, til Kongsberg Maritime i Ulsteinvik, skriver Sunnmørsposten. Thrusterne veger over 60 tonn, og skal ha klart å forskyve seg så lasteskipet fikk slagside.

  • Eemslift Hendrika kan reise snart

    Sjøfartsdirektoratet har gitt 10 pålegg etter tilsyn på Eemslift Hendrika. De fleste påleggene er å utbedre skader, både på utstyr og mer strukturelle skader på skipet. Flere av disse er «før fart»-pålegg, som innebærer en eller annen form for utbedring før skipet kan reise videre. Midlertidige reparasjoner er utført og godkjent, og de resterende skal foregå på et avtalt verft. Sjøfartsdirektoratet må godkjenne en fartstilltatelse for at skipet skal reise, og det kan skje innen kort tid, skriver direktoratet. Årsaken til hendelsen vil ikke Sjøfartsdirektoratet kommentere før saken er ferdig gransket av nederlandske myndigheter og Statens havarikommisjon.

    Bergingsaksjon av Eemslift Hendrika onsdag 7. april
    Foto: Kystverket
  • Tilsyn held fram i morgon

    Sjøfartsdirektoratet må også i morgon på tilsyn om bord i det nederlandske lasteskipet Eemslift Hendrika. Direktoratet har vore om bord i heile dag, men opplyser at arbeidet er tidkrevande og må halde fram i morgon. Rapporten etter tilsynet blir difor også utsett. Skipet ligg i Ålesund etter at det blei berga ved Stad 7.april.

    Sjøfartsdirektoratet sine bilder fra det nederlandske lastefartøyet «Eemslift Hendrika»
    Foto: Sjøfartsdirektoratet

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL