Hopp til innhold

Lasteskipet «Eemslift Hendrika» ligg ved kai i Ålesund: – Ein lykkeleg slutt

Det nederlandske lasteskipet var ute på havet utan mannskap og motor sidan måndag. Torsdag ligg fartøyet ved kai i Ålesund.

VED KAI: Det nederlandske lasteskipet «Eemslift Hendrika» blei slept til Ålesund torsdag. Skipa «BB Ocean» og «Normand Drott» slepte dei til kai.

– Det er jo ein lykkeleg slutt på ei hending. Vi er alltid glade når det går bra, så det er ein god følelse, seier skipssjef Sverre Aas i kystvaktskipet Njord.

Klokka 17 blei den statlege aksjonen avslutta, og ein halvtime seinare vart lasteskipet lagt til kai på Flatholmen i Ålesund.

– Vi har halde av kaiplass sidan havariet oppstod måndag. Vi kunne ikkje risikere at vi ikkje hadde plass om skipet kom hit, seier hamnekaptein Steve Hansen i Ålesund.

UTSIKT: Eemslift Hendrika sett frå styrhuset på KV Njord.

UTSIKT: Eemslift Hendrika sett frå styrhuset på KV Njord.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Kystverket greip inn

Mannskapet på «Eemslift Hendrika» sende måndag ut naudmelding og blei evakuert etter at lasteskipet fekk slagside då lasta forskauv seg i et kraftig uvêr. I løpet av kvelden mista skipet motorkraft.

I dagane som følgde, dreiv skipet i kraftig sjø i opptil 20 meter høge bølgjer. Det var vanskeleg å berge skipet, men onsdag kveld måtte Kystverket gripe inn.

Lasteskipet har rundt 350 tonn tungolje og 50 tonn diesel om bord. Kystverket sette difor i verk ein statleg aksjon fordi dei frykta at skipet kunne gå på land i løpet av få timar, og føre til eit oljeutslepp.

Alle oljevernressursar mot forureining i området blei også mobiliserte. Etter kvart fekk bergingsmannskapet festa slep på skipet og fekk det under kontroll.

«Eemslift Hendrika» blir slept inn til Ålesund

SLEP: Det er det nederlandske selskapet Amasus Shipping som eig lasteskipet. Dei leigde inn båtane «BB Ocean» og «Normand Drott» til bergingsarbeidet. KV «Bergen» følgde også skipet på vegen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kan koste 3 millionar kronar: – Ein liten sum

No blir fartøyet overlevert til skipseigaren. Kystdirektør Einar Vik Arset seier dei vil krevje refusjon frå reiarlaget så staten og kommunen får dekt kostnadane knytt til aksjonen.

– Det vi veit med alle atterhald er at det vil liggje på i overkant av 3 millionar kronar, seier Arset.

Han seier det er ein liten sum samanlikna med kva som faktisk kunne hendt om skipet hadde gått på land.

– Dette kunne fått heilt fatale konsekvensar med vasking av lundefugl til langt ut i august på reiaren si rekning, så dette er ein liten sum, seier han.

Video fra Kystvakta som viser at redningsmannskap blir firt ned på nederlandske "Eemslift Hendrika" i høge bølgjer

I ein nervepirrande operasjon blir mannskap heist med frå helikopter i høge bølger.

– Viktig å aksjonere

Kystdirektør Arset seier det blei viktig å aksjonere onsdag kveld.

– Drivbana til skipet indikerte at det kunne gå på land i løpet av natta. Vi opplevde det som ein kontrollert aksjon, sjølv om det alltid er ein risiko forbunde med slike hendingar.

Arset vil ikkje spekulere i kor stor fare det var for at skipet kunne gå på land, men seier situasjonen var utfordrande.

– Havaristen blei tatt i slep sju nautiske mil frå land. Det var tidskritisk å starte aksjonen og å finne eit vindauge for å få dei nederlandske bergingsekspertane om bord i skipet.

Kystdirektør, Einar Vik Arset

LETTA: – Vi er glade for at vi slapp ein alvorleg hending, seier direktør Einar Vik Arset med lasteskipet ved kai i bakgrunnen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Kvifor greip ikkje Kystverket inn før?

– Først og fremst er det ein grad av dramatikk når bergingsmannskap må heisast ned på ein havarist i stor sjø. Vi trengde betre vêrforhold, men oppdaga etter kvart at drivbana til skipet endra seg og at det kom nærare land. Då var det rett og slett tid for å aksjonere, seier Arset.

Han seier vidare at dette var ei vurdering som blei tatt i samarbeid mellom HRS, Kystvakta og det nederlandske reiarlaget. Det er i utgangspunktet reiarlaget sitt ansvar å legge ein plan for berginga av skipet.

– Er det ein svakheit i systemet at ein må vente på det?

– Vi har etablert gode rutinar og skal balansere vår rolle i dette, men tek styring når forholda krev det. Det gjorde vi i går når vi såg at dette utvikla seg, seier Arset.

Eemslift Hendrika

«Eemslift Hendrika» var seksti nautiske mil vest av Ålesund då det sende ut naudmelding måndag. Skipet melde då om 30 grader slagside.

Foto: KV Sortland

Gjekk bra med den grøne båten som fall av

Lasteskipet var på veg til Kolvereid i Trøndelag med fleire servicebåtar som skulle brukast i oppdretts- og havbruksindustrien.

Den største båten på dekket, den grøne servicebåten «AQS Tor», fall tysdag av lasteskipet.

Båten, som har ein verdi på 66 millionar kronar, blei berga onsdag og slept til Florø.

Skipper Svenn Magnus Steffensen fortel torsdag kveld til NTB at båten ser ut til å ha komme godt frå fallet. Dei mest synlege skadane er dei strukturelle skadane på styrbord side. Sida på båten skal vere trykt inn i messa.

Desse skadane oppstod antakeleg då båten blei kastet av dekk og trefte ein kranbom.

At båten fall av kan ha vore med på å hindre lasteskipet i å kantre.

Båten som fell av «Eemslift Hendrika» under motorhavari, slept til Florø

Båten som fell av «Eemslift Hendrika» under motorhavari, slept til Florø

Skal ha tilsyn

Sjøfartsdirektoratet skal etter kvart ha eit tilsyn.

– Hensikta er å finne ut kva som skjedde og avdekke eventuelle skadar, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus.

Landet der skipet er registrert, klasseselskapet og Sjøfartsdirektoratet avgjer om skipet kan gå vidare eller om det må til verkstad.

Utan mannskap sidan måndag

«Eemslift Hendrika» var seksti nautiske mil vest av Ålesund då det sende ut naudmelding måndag. Skipet melde då om 30 grader slagside og HRS sende tre helikopter og to fartøy for å hjelpe.

Mannskapet på 12 blei etter kvart evakuert og innlosjert på hotell i Giske kommune. Sidan har båten flote rundt på eiga hand.

Éin person blei sendt til sjukehus med lettare skader etter aksjonen. Mannskapet har opplyst at dei er prega av situasjonen og er svært takksame for at dei blei redda.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL