Normal

Utstyrsmangel fører til rask spreiing av lus

Mattilsynet åtvarar mot å tillate auka oppdrett, fordi næringa ikkje har kapasitet til å avluse oppdrettsfisken raskt nok.

Illustrasjon oppdrettsanlegg

Mattilsynet fryktar at mangel på utstyr gjer at lakselusa spreier seg raskt.

Foto: Villa

Anne Stine Foldal Aam.

Anne Stine Foldal Aam i Mattilsynet seier at situasjonen no er alvorleg.

Foto: Øyvind Johan Heggstad. / NRK

På Sunnmøre fekk fire oppdrettsanlegg truslar om tvangsbot frå Mattilsynet på grunn av svært høge lusetal.

Mangel på både brønnbåtar og det mest populære avlusingsmiddelet i Noreg, fører til at lusa spreier seg raskt i anlegga, seier seksjonsleiar i Mattilsynet, Anne Stine Foldal Aam.

– Situasjon er no alvorleg fordi ein ikkje får behandla fisken når ein skal, seier Aam.

Knivar om ressursane

Oppdrettarane knivar om å leige brønnbåtar til avlusing. I tillegg har Noreg gått tom for det mest populære avlusingsmiddelet hydrogenperoksid. Dermed får lusa fritt spelerom i mange anlegg.

Regjeringa har opna for at alle oppdrettsanlegg skal få auke mengda fisk i anlegga med fem prosent. Meir fisk betyr fleire lus, seier Aam.

Geir-Ove Ystmark

Geir Ove Ystmark, i Fiskeri og Havbruksnæringens landsforening innrømmer at lusesituasjonen er utfordrande.

Foto: FHL/Ingunn A. Mæhlum

– Når ein ikkje kan handtere den mengda fisk som ein har no, og sikre seg at ein ikkje får endå ei auke, så meiner eg at det ikkje er lurt å plassere endå fleire fisk i desse anlegga.

Legg inn store ressursar

Administrerande, Geir Ove Ystmark, i Fiskeri og Havbruksnæringens landsforening seier at dei er inne i ein utfordrande situasjon.

– Vi veit at bedriftene legg inn store ressursar til avlusing, og Mattilsynet sit også på gode verkemiddel.