Hopp til innhold

Lærer å oppdra barn på norsk

Å oppdra barn i Noreg kan vere heilt forskjellig frå metodane ein brukar i heimlandet. I Ålesund får alle på vaksenopplæringa kurs i foreldrerettleiing.

Foreldrekurs ved Ålesund voksenopplæring

Alle som går på introduksjonskurs i Ålesund for tilbod om foreldrerettleiing. Denne pappagruppa meiner dei lærer mykje.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rundt bordet i eit lite grupperom på Ålesund vaksenopplæring sit fem menn og viser stolt fram bilete av barna sine. Leksa til i dag var å finne tre eigenskapar dei likar med sine eigne barn. Det er ikkje vanskeleg.

– Barna mine har respekt for alle menneske og dei har mange vener. Sonen min er ven med jenter også og slik var det ikkje heime i Syria, fortel Adnan Alahmd. Han har med teikningar som dei to barna har laga. På den eine står det: "Eg elskar min pappa".

Mange foreldre har blitt utsett for vald

Ei NRK-undersøking av alle dommar frå norske rettssalar i mars, april og mai i år der barn har vore involvert, viste at 47 prosent av alle barn i familievaldssaker er frå innvandrarfamiliar.

Janita Flem Tomren er foreldrerettleiar og seier at det er venteliste for å kome med på kursa. Målet er å betre samspelet mellom foreldre og barn, og ofte diskuterer dei temaet vald.

– Eit viktig mål med møta er å lære og lytte til barna og vere sensitive for behova deira, forklarer Tomren. Deltakarane snakkar mykje om korleis dei sjølve vart oppdratt, og korleis dette påverkar dei som foreldre.

Ho opplever at mange foreldre fortel at dei vart slått eller straffa av sine foreldre dersom dei gjorde noko gale eller braut grenser.

No må dei lære andre metodar i barneoppsedinga enn vald.

Adnan Alahmd og Blaise Mumbanda på pappakurs

Adnan Alahmd og Blaise Mumbanda går på foreldrekurs og lærer metodar for korleis dei skal snakke med barna sine.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Behandle barnet med respekt

Blaise Mumbanda frå Kongo har vore åleinepappa sidan dottera var eitt år. I dag er ho seks år. 34-åringen er heilt klar på at han må behandle henne med respekt, for at ho skal respektere han og venane sine. Å bruke vald er ikkje eit alternativ.

– Vi har lært veldig mykje bra på pappakurset om korleis vi kan ha god kontakt med barnet, seier Mumbanda.

I Ålesund har alle som går introduksjonskurs fått tilbod om foreldrerettleiing dei siste to åra. Regjeringa foreslår at det skal bli obligatorisk, gjennom eit nytt lovforslag i 2020.

Må snakke med barna

Inga Bejer Engh

Barneombod Inga Bejer Eng trur ikkje alle barn er klare over kor grensene kor. Ho vil at barnehage og skule skal snakke meir om temaet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Barneombod Inga Bejer Engh tar til orde for å satse på foreldrerettleiing gjennom helsestasjonen, for at foreldre skal forstå korleis fysisk og psykisk vald påverkar barna.

Barneombodet trur at mange barn ikkje er klare over kor grensene går, og ynskjer at barnehagen og skulen snakkar med barna om kva som er lov og ikkje.

–Vi har snakka med mange barn som har blitt utsett for vald og barna sjølv etterlyser meir kunnskap om kva som er lov og ikkje. Mange barn visste ikkje at det foreldra gjorde mot dei ikkje var lov, seier Engh.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL